Hjem
Studentsider
erasmus+

Université de Rennes I og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)

  • LandFrankrike
  • ByRennes
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er fransk. Det finst òg eit svært avgrensa emnetilbod på engelsk, med det er ikkje nok til å fylle eit heilt semester. Studentar som ønsker å reise ut gjennom denne denne avtalen må ta emne på fransk for å kunne oppnå full semesterbelasting. Gode franskkunnskapar er derfor nødvendig.

Informasjon om fransk språkkurs finn du på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga og 2021-studieordninga).

nettsida til universitetet finn du oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmus-student. Erasmus-studentar kan velge blant fag på bachelornivå og nokre fag på masternivå.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Rennes I er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 26 000 studentar fordelte på ti fakultet, ei rekke tilknytte skular og eit observatorium. Det har hovudsete og tre campusar i Rennes, med fleire mindre avdelingar i andre franske byar. Universitetet har gjort vedtak om å fusjonere med søsteruniversitetet Université Rennes 2 i løpet av dei komande åra.

Rennes ligg i Bretagne, nordvest i Frankrike. Byen har om lag 210 000 innbyggarar og omtrent det dobbelte folketalet i storbyområdet. Det bur svært mange studentar i byen, og kvart år blir det arrangert ei rekke festivalar her. I tillegg til ei rekke musikk- og kunstfestivalar finst blant anna ein retrodataspelfestival og ein festival for anvendt vitskap.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og januar - mai.

Informasjon