Hjem
Studentsider
nordplus

Metropolia University of Applied Sciences og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (NORDPLUS - Sibelius)

  • LandFinland
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Metropolia er det største universitetet for anvendt vitskap i Finland, og lærestaden med sine ca 16.500 studentar ligg i hovudstaden Helsinki. Metropolia tilbyr fire studieretningar: kultur, næringsliv, helse og sosiale tenester, i tillegg til teknologi. Programporteføljen inneheld 15 engelskspråklege studieprogram, 6 på bachelornivå og 9 på masternivå.

Helsinki, kalla Helsingfors på svensk, er hovudstaden i Finland og har rundt 600 000 innbyggarar. Byen ligg sør i landet ved Finskebukta, og har ei strandlinje på 98 kilometer. Delar av bysentrum ligg på ei halvøy. Både kostnadsnivået og levestandarden er relativt høg i Helsinki.

Bustad

Metropolia har ikkje eigne studentbustadar, men ein kan skaffe innkvartering gjennom HOAS.

Semesterinndeling

august - desember

januar - mai

Informasjon