Hjem
Studentsider
nordplus

University of Jyväskylä og Det psykologiske fakultet (NORDPLUS - Nettverk i psykologi)

  • LandFinland
  • ByJyväskylä
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise

Når i studiet kan eg reise

Bachelor og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt valsemester (5. semester) òg i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er finsk eller engelsk, sjå heimesidene for meir informasjon.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere og høgare grad (BA/MA) avhengig av tilbod og krav om forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet. Du kan òg ta valfrie studiepoeng i ditt valsemester (5. semester). Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Studieavgift

Nordplusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet ligg i sentralt i Finland, med hovudcampus i sentrum av Jyväskylä, 270 kilometer nord for Helsinki. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 15 000 studentar, som særskilt satsar på naturvitskap og humaniora. Universitetet har røter tilbake til den første finskspråklege lærarskulen, som blei stifta i 1863. Det har eit relativt stort fagtilbod på engelsk.

Jyväskylä blei grunnlagd i 1837 av tsar Nikolaj I. I dag har byen om lag 130 000 innbyggarar og det ligg heile 328 innsjøar innom kommunegrensa. Området er kjent for rike arkeologiske funn frå steinalderen, og for å vere den byen i verda som har flest bygningar teikna av den verdskjende finske funkisarkitekten Alvar Aalto. Jyväskylä er vertsby for Rally Finland, som kvart år samlar ein halv million publikummarar.

Bustad

Universitetet samarbeider med fleire lokale studentvelferdsorganisasjonar om å tilby bustader for internasjonale studentar. Søknadsprosessen foregår via internett. Det er viktig å søke innan fristen og kapasiteten kan vere knapp. Det kan vere stort press på den private marknaden, særskilt ved byrjinga av haustsemesteret.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Informasjon