Hjem
Studentsider
erasmus+

Europa-Universität Flensburg og Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByFlensburg
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelor og masterstudenter i folkehelse og helsefremjande arbeid ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Grunna ulike semester ved UiB og Universitetet i Flensburg er det ikkje mogleg å utveksle hit i haustsemesteret med mindre du kan utveksle eit heilt studieår.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og masterstudentar kan tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningspråket er tysk.

Språkkrav: B2.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå www.uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Helsefag på lågare og høgare grad (BA/MA) avhengig av tilbod og krav om forkunnskap.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Sjå på lærestaden sine nettsider for oversikt over emnetilbod.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Flensburg blei grunnlagt i 1994 og er det nordlegaste universitetet i Tyskland. Det er òg eitt av dei minste, med knapt 4500 studentar. Universitetet har fem fakultet og ein campus, som det deler med den regionale faghøgskulen. Gjennom eit tett samarbeid med det danske Syddansk Universitet, tilbyr universitetet ei rekke studieløp knytt til dansk-tysk kultur.

Flensburg ligg i Schleswig-Holstein, 83 kilometer frå Kiel og 92 kilometer frå Odense i Danmark. Det er ein liten idyllisk kystby med i underkant av 100 000 innbyggarar, mange av dei med dansk avstamming. Flensburg er kjend blant anna for grensehandel, og som base for den nasjonale trafikkbrotsverkdatabasen Kraftfahrt-Bundesamt.

Bustad

Studentbustadane på campus blir administrert og drifta av studentsamskipnaden Studentenwerk i Schleswig-Holstein. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Flensburg.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Grøn campus
Foto/ill.:
© Europa-Universität Flensburg

Informasjon