Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität für Musik und darstellende Kunst Graz og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • ByGraz
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet - Institutt for musikk.

For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Music and Performing Arts Graz (KUG) er ein internasjonalt kjend utdanningsinstitusjon som har røter tilbake til etableringa av den eldste musikkskulen i Austerrike i 1816. Universitetet har i overkant av 2000 studentar i Graz og Oberschutzen. Med 17 institutt tilbyr ein her høgt kvalifisert undervisning for kunstnariske og vitskaplege yrkesretningar. Mangfaldet ved University of Music and Performing Arts Graz er prega av internasjonale studentar, der fleire enn halvparten av studentane kjem frå 70 forskjellige land.

Graz har ein tradisjon som sete for høgare utdanning, og er den nest største byen i Austerrike med om lag 270 000 innbyggarar. Han er regionshovudstad i Steiermark, som ligg søraust i landet. Gamlebyen er på UNESCO si verdsarvliste og er kjend for ein integrert arkitektur frå mange ulike tidsepokar og og stilartar. Byen har eit stort kulturtilbod, som blant anna rommar fleire musikkfestivalar.

Informasjon