Hjem
Studentsider
erasmus+

Haute école des arts du Rhin og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For bachelorstudentar på kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Det er berre mogeleg å søkje til denne lærestaden ein gong i året: Du må søkje i vårsemesteret (UiB-frist 1. februar) uansett om du ynskjer å dra ut på hausten eller eit heilt år.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Haute École des arts du Rhin, også kalla HEAR, blei oppretta i 2011 ved å slå saman tre institusjonar for høgare utdanning. Skulen har tre campus, to i Strasbourg og eit i Mulhouse. Skulen har rundt 1000 studentar. HEAR tilbyr utdanningsprogram innan mellom anna kunst, grafisk design, scenografi og illustrasjon. Kvart år ønsker skulen ei rekke utanlandske artistar og gjesteprofessorer velkommen til førelesingar.

Strasbourg ligg nordaust i Frankrike på grensa mot Tyskland, og har om lag 500 000 innbyggarar. Her ligg både Den europeiske menneskerettsdomstol og Europaparlamentet. Desse og andre institusjonar gjer Strasbourg til ein internasjonalt orientert by. Strasbourg har høg levestandard og eit av Frankrikes best utbygde sykkelvegnett.

Informasjon