Hjem
Studentsider
erasmus+

École Nationale Supérieure d'Arts Paris-Cergy og Kunstakademiet ¿ Institutt for samtidskunst (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByCergy
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i kunst. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

École Nationale Supérieure d'Arts Paris-Cergy (ENSAPC) vart grunnlagt i 1975 og er ein offentleg institusjon for høgare utdanning i Frankrike. Undervisninga her dekker eit breidt spekter av ulike disiplinar i fagområda visuell kunst, skriving, liveopptreden, lyd, film og teori, i samarbeid med franske og internasjonale partnarar. Her gjev ein rom for eksperimentering, oppfinning og forsking innnan kunst. École Nationale Supérieure d'Arts Paris-Cergy ligg i hjartet av den nye byen Cergy-Pontoise.

Cergy-Pontoise er ein ny by i Val-d’Oise i Frankrike og er bygd sidan 70-talet, omkring kommunane Cergy og Pontoise. Den mest sentrale og befolka kommunen er Cergy, som ligg om lag 25 km frå Champs-Élysées og Arc de Triomphe i Paris.

Informasjon