Hjem
Studentsider
erasmus+

Staatliche Hochschule für Gestaltung Karlsruhe og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByKarlsruhe
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Karlsruhe University of Arts and Design, og kalla HfG Karlsruhe, er eit statleg kunstuniversitet grunnlagt i 1992. Universitetet har kring 400 studentar. I tillegg til teorikurset kunstforsking og mediefilosofi, tilbyr HfG Karlsruhe fire praksisbaserte kurs: kommunikasjonsdesign, produktdesign, mediekunst, utstillingsdesign og scenografi. Praksisbaserte kurs ved HfG er opne studieretningar og studentane blir tilbode mykje fridom til å bygge studiane sine sjølv. HfG Karlsruhe fokuserer på ein sterk tverrfaglegheit mellom dei ulike kursa og avdelingane.

Karlsruhe er ein by med rundt 300 000 innbyggarar som ligg sørvest i Tyskland, på grensa mot Frankrike i Baden-Württemberg. Byen er kalla opp etter grunnleggaren Karl Vilhelm av Baden-Durlach, og blei i si tid grunnlagd i samband med bygginga av Karlsruhe slott, som stadig er byens viktigaste landemerke.

Informasjon