Hjem
Studentsider
nordplus

Lahti Polytechnic Institute of Design og Institutt for design (NORDPLUS - Cirrus)

  • LandFinland
  • ByLahti
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogrammet i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Lahti har omtrent 8.500 studentar og er eit av dei største universiteta i Finland. I slutten av 2019 vart universitetet i Lahti og universitet i Saimaa samanslått og det vart etablert ein heilt ny institusjon; the LAB University of Applied Sciences. LAB starta drifta si 1. januar 2020. Universitetet tilbyr ei rekke ulike bachelor- og mastargrader i mellom anna i design, business og teknologi.

Lahti er ein by og ein kommune i landskapet Päijänne-Tavastland i Finland. Byen har omkring 120 000 innbyggarar. Lahti er ein kjent vintersportsby og har blant anna arrangert ski-VM fleire gonger. Byen ligg i ei bukt i den sørlege enden av innsjøen Vesijärvi, ca.100 kilometer nordaust for hovudstaden Helsinki. Lahti har ei rekke utdanningsinstitusjonar, teater, opera og kunstmuseum.

Bustad

Studentar kan søke om bustad ved Lahden Talot og Kuukkeli-Kodit. Søk så snart du mottek opptaksbrevet frå LAB.

Semesterinndeling

august - desember

januar - mai

Informasjon