Hjem
Studentsider
erasmus+

The National College of Art and Design og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandIrland
  • ByDublin
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

The National College of Art and Design, og kalla NCAD, stammar frå 1746. Mange av dei viktigaste irske kunstnarane, designarane og kunstlærarane har studert eller undervist på skulen. NCAD har lenge vore den sentrale og viktigaste utdanningsinstitusjonen for kunst og design i Irland og tilbyr det breiaste spekteret av kunst- og designgrader. Skulen har 1 000 studentar på heiltid og ytterlegare seks hundre studentar som tar kveldskurs. NCAD tilbyr kurs innan design, kunst og visuell kultur.

Dublin er Irlands hovudstad og har om lag 1 million innbyggarar, dersom ein reknar med områda utanfor bykjernen. Byen ligg på austkysten av Irland og vart sete for eit norsk kongedøme kring år 840, etter at norske vikingar inntok området og laga ein festning der.

Bustad

MERK: I Irland har det vore store utfordringar knytt til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadsmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.

Studentrapportar

2022

Høst 2021 - BA design - visuell kommunikasjon

Høst 2021 - BA design - visuell kommunikasjon

20.09.2021 - 14.01.2022

Førebuingar/praktiske tips

I forkant av studieopphaldet kan det vere lurt å kontakte NCAD for tips om bolig. Eg fekk min bolig gjennom ei anbefaling frå studiet. Erasmus-ansvarlege på NCAD svarar fort på mail og har vore til veldig god hjelp.

Undervisningsformer

Mitt studie var Bureau + (design/illustrasjon), og sjølv om eg ikkje viste heilt kva eg gjekk til fekk eg eit stort utbytte av å gå der.
Gjennom semesteret arbeider du tett med kunder/firma og eg fekk eit godt innsyn i korleis arbeidslivet er.
Semesteret var bygd opp av tre ulike emner fordelt på faste dagar, der det største emnet var "real life projects".
Det var også forelesingar i irsk kultur ein dag i veka på kveldstid (for utvekslingsstudentar), dette kan eg anbefale å delta på om du vil få tips om plassar det er verdt å sjå (utanom turistattraksjonane) eller om du vil lære om irsk mote/litteratur/musikk-historie.

Vurdering av emnetilbodet

Kan verkeleg anbefale å søke seg hit, veldig motiverande å jobbe mot prosjekt som faktisk blir realisert og bli kjent med folk i design-feltet i Dublin. Skulen er til tider litt surrete med informasjon og tidsplanar, men det har aldri vore eit stort problem. Lærarane og verksmesterane er veldig forståelsesfulle og lette å kommunisere med.

Fagleg utbyte og språk

Det faglege utbyttet på skulen er stort og eg tek med meg mykje erfaring og mange prosjekt med spennande samarbeidspartnerar som er veldig fine å ha med seg vidare.
Ein blir fort van med å snakke engelsk og den irske dialekta i Dublin har aldri vore eit problem å forstå. Dublinfolket er sosialt og pratsomt så ein kjem fort inn i det.

Universitetsområdet og byen

Skulen er i flotte gamle lokale som tidlegare var eit whiskey destilleri. Den eine scena i serien "Normal people" er spelt inn i eit av lokalets maleri-rom.
I mitt tilfelle var det eit veldig motiverande studiemiljø, sidan skulen er liten tek folk deg godt imot som ny student.
Skulen ligg sentralt i Dublin og har gangavstand til mange fine kaféar, bruktbutikkar og museum/galleri. Byen er nokså liten så ein kjem seg nesten overalt til fots.
Ein må vere litt forsiktig i trafikken i Dublin, ein køyrer på venstre side av vegen og folk gjeng ofte på raudt lys. Ein skal også vere forsiktig med å ha mobiltelefon/andre verdisaker i hånda/lett synleg når ein gjeng i byen då lommetjuveri kan oppstå, utan at eg opplevde dette.

Bustad

I Dublin er det vanleg å leige ut rom i bustad der du bur med leigetakar eller andre studentar. Det er ikkje stor kapasitet på studentboligane og det er høge prisar, så ei slik løysing er veldig fin, og du kjem tettare på den irske kulturen, samt at det kjennast trygt å bli kjent med/bu med nokon som er van med byen og som kan rådføre deg og gje deg anbefalingar.

Sosialt miljø

Skulen har mange studentorganisasjonar som ein lett kan melde seg inn i. Det er også arrangement kvar veke på kveldstid, som akt-teikning, festar, filmvisning m.m. Heile byen er sosial og ein kan forvente at fremmede kjem bort for å snakke litt på butikken eller overalt, folk er også veldig hjelpsomme om du lurar på vegbeskrivelsar.

Informasjon