Hjem
Studentsider
erasmus+

Fachhochschule Dortmund og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByDortmund
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Fachhochschule Dortmund - University of Applied Sciences and Arts, blei offisielt grunnlagt i 1971. Universitetet har sju forskjellige fakultet og tilbyr over 50 studiemoglegheiter. Blant fakulteta finn ein design, økonomi, informatikk og arkitektur. Universitetet har meir enn 12 500 studentar og har eit internasjonalt mangfald. Institutt for design har sin eigen campus på Max-Ophüls-Platz, medan avdelingane for sosialt arbeid, økonomi, informatikk og arkitektur held til i fleire bygningar ved sida av University of Dortmund campus i forstaden Eichlinghofen.

Dortmund ligg i Ruhr-distriktet i Tyskland. Han har rundt 600 000 innbyggarar, og er kjend som Westfalens grøne storby. Historisk har byen vore best kjend for kol, stål og øl, men etter den industrielle høgalderen har han omstilt seg til å satse meir på teknologisk utvikling.

Informasjon