Hjem
Studentsider
erasmus+

Académie royale des Beaux-Arts de Bruxelles og Kunstakademiet ¿ Institutt for samtidskunst (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByBruxelles
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogrammet i kunst. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Académie royale des Beaux-Arts de Bruxelles vart grunnlagt i 1711, og er ein av dei eldste skulane innan kunst i Europa. Kunstskulen ligg i sentrum av den internasjonale og fleirspråklege byen Brussel. Her har ein diverse program til både bachelor- og mastergrad for meir enn 500 studentar innan design, kunst og media. I kunst finst det spesialisering i teikning, inngravering, litografi, maleri, fotografering og skulptur, for å nevne noko. På bachelornivå tilbyr ein 15 forskjellige kurs innan kunst.

Brussel er hovudstaden i Belgia og er eit viktig administrativt sentrum for Den europeiske unionen. Byen har om lag 177 000 innbyggarar, og er kjernen i hovudstadsregionen Brussel med om lag 1,2 millionar menneske. Brussel er omslutta av den nederlandsktalande provinsen Flamsk Bramant, og er offisielt tospråkleg med fransk og nederlandsk. Forutan det politiske livet her, er byen velkjend for god sjokolade, øl og vaflar.

Informasjon