Hjem
Studentsider
bilateral

Berner Fachhochschule og Fakultet for kunst, musikk og design (BILATERAL)

  • LandSveits
  • ByBern
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Berner Fachhochschule (BFH) er eitt av tre universitet i Bern. Det blei grunnlagt i 1997 og er dermed eit av dei yngre universiteta i Sveits. Lærestaden har åtte avdelingar, og underviser og forsker på eit breitt spekter av fag, og har meir enn 7000 studentar. BFH er internasjonalt orientert, tilbyr kurs på 7 forskjellige språk og bringer difor mange nasjonalitetar i kontakt med kvarandre.

I 1983 blei Bern lagt til på lista over UNESCOs verdsarvstader. Byen har nesten 140.000 innbyggarar, og det offisielle språket er tysk. Med si sentrale beliggenheit, sine stabile politiske og økonomiske rammer, vert Bern opplevd som ein trygg by.

Bustad

Lærestaden har ikke eigne studentbustadar, så ein må belage seg på å finne bustad sjølv.

Semesterinndeling

september - januar

februar - juni

Informasjon