Hjem
Studentsider
bilateral

Emily Carr University of Art and Design og Fakultet for kunst, musikk og design (BILATERAL)

  • LandCanada
  • ByVancouver
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Emily Carr University of Art and Design, med sine meir enn 1800 studentar, blei grunnlagt i 1925. Universitetet oppmuntrar til forsking og eksperimentering i skjæringspunktet mellom kunst, design, media og teknologi, og setter studentane i sentrum av eit levande og tverrfagleg miljø. Gjennom ein dynamisk tilnærming smeltar kritisk teori og studiopraksis saman med samfunnsengasjement, forsking og utstillingar.

Vancouver ligg i provinsen British Columbia, nær grensa mot USA. Vancouver er eit viktig finansielt, kommersielt og kulturel senter. Industrien er variert, og omfattar mellom anna treforedling, næringsmiddelindustri, verkstadar og petroleumsindustri. Byen er også prega av turisme. Vancouver har eit mildt klima, og ligg i kupert terreng omkransa av sjø og høge fjell.

Bustad

Lærestaden har ikkje eigne studentbustadar, så ein må belage seg på å finne bustad sjølv.

Semesterinndeling

august - desember

januar - april

Informasjon