Hjem
Studentsider
bilateral

Gerrit Rietveld Academie og Fakultet for kunst, musikk og design (BILATERAL)

  • LandNederland
  • ByAmsterdam
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeBilateral

Hovedinnhold

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Gerrit Rietveld Academie vart grunnlagt i 1924 og er eit kjent akademi for studiar innan kunst og utforming i Amsterdam. Namnet har det etter arkitekt og møbeldesignar Garrit Rietveld, som også var arkitekten bak Rietveld-hovudbygningen til akademiet. Akademiet har eit bachelorprogram med tolv ulike fordjupingar i kunst og design. I tillegg finst det også to masterprogram. Lærestaden er veldig internasjonal og ein stor del av studentane kjem frå utanfor Nederland.

Amsterdam har om lag 800 000 innbyggarar og er hovudstaden i Nederland. Byen ligg ved breiddene av elvene Amstel og Schinkel, og er kjend for det karakteristiske kanalsystemet som går på kryss og tvers inne i bykjernen. Den enklaste måten å ta seg rundt på i byen er ved hjelp av sykkel, eller til fots.

Bustad

I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.

Informasjon