Hjem

Media City Bergen

Utdanning

Studietilbod i Media City Bergen

UiB tilbyr bachelorprogram og masterstudium i Media City Bergen innan journalistikk, medie- og interaksjonsdesign og TV-produksjon. Alle programma vil vere praktisk orienterte med innslag av utplassering hos klyngebedriftene.

Nye studier i Media City Bergen

Produsent:
Sven A. Nydal / Sverre Ole Drønen

Alle studieprogramma vil ha spesialdesigna workshops i ulike format. Ein workshop består av ein eller fleire samlingar med formål å utforske eit tema frå ulike teoretiske og praktiske synsvinklar og perspektiv.

Bachelor i medie- og interaksjonsdesign

Medieinnhald blir i dag produsert med digitale verkty, og mediebruk er i aukande grad brukarstyrt og knytt til interaktive løysingar og on-demand-tenestar. I slike situasjonar er det viktig at dei digitale og interaktive systema er enkle og effektive å bruke båe for medieprodusentar og mediebrukarar, at dei gjer det som brukarane treng, og at dei ikkje skaper frustrasjon og dårleg brukaroppleving. Nye interaktive løysingar krev òg at ein utviklar nye formar for medieinnhald som passar dei nye teknologiane og brukarmønstera.

På  bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign lærar studentane å forstå kva brukarane treng i slike situasjonar, og gjer dei i stand til å designe løysingar for interaksjon som gjer medieproduksjon effektivt og mediebruk brukarvennleg. Gjennom utdanninga får studentane kunnskap om interaksjonsdesign og digitale grenseflatar som sikrar inkluderande og intuitiv menneske-maskin interaksjon og positive brukaropplevingar knytt til medieproduksjon og mediebruk, inkludert web, mobile løysingar og spel.

Sjå her for meir informasjon om bachelorprogrammet i medie- og interaksjonsdesign: http://www.uib.no/studieprogram/BASV-MIX

Master i medie- og interaksjonsdesign

På masterprogram i medie- og interaksjonsdesign lærer du å utvikle nye tekniske og innhaldsmessige løysingar for mediebruk og som støttar arbeidspraksisar i mediebransjen. Du får ei bransjenær utdanning som gjer deg i stand til å konstruere prototypar på nye medium, og til å evaluere brukaropplevingane til mediebrukarar og profesjonelle, og på denne måten utvikle effektive og engasjerande løysingar mellom brukarar og media.  Du får moglegheit til å utforske etablerte så vel som innovative medieteknologiar og sjangrar, og vil få erfaring med ulike designmetodar knytt til nye medium.

Sjå her for meir informasjon om masterprogrammet i medie- og interaksjonsdesign: http://www.uib.no/node/103791#uib-tabs-presentasjon

Bachelor i journalistikk

Bachelorprogrammet i journalistikk har som mål å utdanne sjølvstendige studentar som etter endt studium kan produsere kritisk og konstruktiv, nyskapande og sjangerbevisst journalistikk på fleire plattformer. Studiet bygger på grunnleggande journalistiske prinsipp der kildekritikk og etisk refleksjon blir kobla med ferdigheiter i visuell, verbal og numerisk historiefortelling gjennom digitale verktøy. Det blir lagt opp til varierte lærings- og undervisningsformer der det gjennom heile studiet blir veksla mellom relevante teoretiske tilnærmingar og eit tett praksissamarbeid med aktørar frå mediebransjen, gjennom Media City Bergen og andre mediebedrifter og institusjonar.

Studiet er tverrfagleg og kombinerer teoretiske, praktiske og analytiske element frå journalistikk, medievitskap og informasjonsvitskap. Programmet er eit profesjonsorientert universitetsstudium med vekt på å utvikle fagleg autonomi og analytisk, teoretisk og praktisk kompetanse.

Sjå her for meir informasjon om bachelorprogrammet i journalistikk: http://www.uib.no/studieprogram/BASV-JOU

Master i undersøkande journalistikk

Masterprogrammet i undersøkande journalistikk har som mål å gi studentane spesialisering i kritiske, langsiktige journalistiske prosjekt der kritikkverdige tilhøve i samfunnet blir avdekka. Masterprogrammet i undersøkande journalistikk gir studentane teoretisk og praktisk trening i eit breitt spekter av metodar for datainnsamling og analyse av komplekst materiale. Det blir lagt vekt på  publisering av undersøkande journalistikk på  tvers av plattformer. Masterprogrammet er produksjonsretta, og delar av arbeidet kan skje i samarbeid med ein eller fleire mediebedrifter.

Sjå her for meir informasjon om masterprogrammet i undersøkande journalistikk: http://www.uib.no/studieprogram/MASV-UJO

Bachelor i TV-produksjon

Bachelorprogrammet i TV-produksjon er ei yrkesretta utdanning som gir allsidig kompetanse og kunnskap i arbeidet med TV-innhald, som spenner frå dokumentar til underhaldning og drama.

Studiet er praksisnært, og gir deg røynsle med eit breitt spekter av sjangrar og format. Undervisinga består av førelesingar, teknisk opplæring, workshops, praktiske øvingar og produksjonar. Siste året spesialiserer studentane seg innanfor éin av dei følgjande fagfunksjonane: foto, regi, lyd, klipp eller produsent. Det faglege fokuset ligg på idéutvikling og historieforteljing, som skal tilføra mediebransjen og mediebrukarar gode idear og dyktige formidlarar.

Dette studiet ei allsidig, bransjenær og praktisk retta utdanning, som supplerer handverksmessige ferdigheiter med historiske, estetiske og analytiske perspektiv på konvensjonar og verkemiddel.

Sjå her for meir informasjon om bachelorprogrammet i TV-produksjon: http://www.uib.no/studieprogram/BASV-TVP

Master i manusutvikling for seriar

Masterprogrammet i manusutvikling for seriar er ei spesialisert utdanning i manusskriving for serieformat, det vil seie forteljingar som er stykka opp i episodar, på høgste nivå. Det inkluderer fiksjonsseriar for tv (både drama og komedie), dokumentarseriar og webseriar.  Studiet styrkjer studentane sine teoretiske, historiske og analytiske ferdigheiter om ulike serieformat, og gjer dei i stand til sjølvstendig å utvikle idear og manus for slike produksjonar.

Sjå her for meir informasjon om masterprogrammet i manusutvikling for seriar: http://www.uib.no/studieprogram/MASV-MAN