Hjem
Universitetet i Bergen
Nyheter

Fire nye år for UiB-rektor Dag Rune Olsen

Dag Rune Olsen og Margareth Hagen er valde til rektor og prorektor for perioden 2017 - 2021.

Bilde av Margareth Hagen og Dag Rune Olsen
NYVALDE: Margareth Hagen blir ny prorektor ved Universitetet i Bergen. Dag Rune Olsen tek i haust til i sin andre periode som rektor.
Foto/ill.:
Reimers Atelier

Hovedinnhold

- Det er veldig hyggeleg å få fornya tillit i ein jobb som eg har sett stor pris på i fire år. UiB er ein fantastisk institusjon som eg gler meg til å få leie dei neste åra, seier Dag Rune Olsen

Han har vore rektor ved UiB i perioden 2013 - 2017, er professor i biomedisinsk fysikk og tidlegare dekan ved Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet.

1. august skal han ta fatt på sin andre periode saman med ny prorektor Margareth Hagen, og viserektorar Robert Bjerknes og Oddrun Samdal. Det nye rektoratet blei valde utan motkandidatar.

Valet hadde 17,5 prosent valoppslutning, og 75 prosent av dei avlagde stemmene gjekk til Dag Rune Olsen og valplattforma hans.

- Dette er eit godt mandat til å bygge vidare på vår valplattform, seier Olsen.

Utdanning for ein arbeidsmarknad i endring

Universitetsstyret ved UiB vedtok hausten 2015 strategien "Hav, liv, samfunn". Strategien framhevar forsking på klima og energiomstilling som eit satsingsområde ved UiB, saman med marin forsking og forsking på globale utfordringar. Denne strategien blir også eit utgangspunkt for det nye rektoratet sitt arbeid.

Rektor Dag Rune Olsen peikar vidare på endringar på utdanningsområdet og samanslåingar av universitet og høgskular som viktig i åra som kjem.

- For UiB nasjonalt handlar det om å finne si rolle i det nye universitet-og høgskulelandskapet der me no ser konturane av 11 universitet og ingen høgskular. Kva rolle skal universitetet ha? Det blir eit av dei store spørsmåla. Me skal styrke oss når det gjeld internasjonal forsking, og me står også framfor nokre store utfordringar når det gjeld utdanningane våre. Korleis kan me lage utdanningar som rettar seg mot ein arbeidsmarknad i sterk endring, og som me så vidt ser konturane av no?

Fokus på yngre forskarar

Nyvald prorektor Margareth Hagen er professor i italiensk litteratur, dekan ved Det humanistiske fakultet, og har tidlegare vore forskingsleiar for Institutt for fremmedspråk og leia likestillingskomiteen ved UiB. 

- Dette blir spennande og utfordrande. Eg gler meg og er utålmodig etter å komme i gang, men fyrst skal eg fortsette å vere dekan for HF fram til 1. august, seier Hagen.

 - Kva blir dei største utfordringane framover? For UiB og for deg som prorektor?

- Å bygge forskningskvalitet i breidda av UiB. Me må ta innover oss at me har eit stort og heterogent universitet, derfor må me vere opne for ulike reiskap når me skal arbeide med forskingskvaliteten. Kvalitet i forsking handlar ikkje berre om å styrke toppane og satse, men å sørge for gode fagmiljø. Eg vil ha eit særleg fokus på yngre forskarar og arbeide tett med prodekanane og FA for å lage gode karriereprogram.  

Fake news og alternative fakta 

Same dag som valresultatet er klart er UiB vert for EUA, ein årleg konferanse kor universitetet sin autonomi og korleis ein forvaltar denne skal diskuterast. I valplattforma si peikar også det nye rektoratet på at universiteta sine kjerneverdiar: akademisk fridom, rasjonalitet og kritisk tenking, er under press i vår tid og må løftast fram og styrkast.

- Me har sett korleis situasjonen i Tyrkia det siste året har sett dei akademiske verdiane under press, og at ytringsfridom ikkje har same kår som tidlegare. Ved universitet i Ungarn har det oppstått tilsvarande situasjonar, og ein ser den meir global trenden med fake news og alternative fakta. Sjeldan har universitetet si rolle og kjerneverdiar vore viktigare, seier rektor Dag Rune Olsen.

- Det er kjempeviktig at kjerneverdiane løftast opp og ikkje blir tatt som ei sjølvfølgje.

- Kva ser du mest fram til med å ta fatt på ein ny periode som rektor?

- No skal me utdanne for det ukjende, og at me lukkast med det er kjempeviktig for meg. Viss eg ser at me greier å utvikle utdanningar som er relevante for samfunnet og arbeidslivet over tid, i ein sterkt endra marknad, vil eg vere begeistra. Forsking er viktig, men det som på sikt står seg i eit universitet sitt bidrag til samfunnet er dei menneska me greier å utvikle til gode samfunnsborgarar og arbeidstakarar.

Det nye rektoratet er valt for perioden 01.08.2017 - 31.07.2021.