Hjem

Aktuelt

Æresdoktor

Åtte nye æresdoktorar ved UiB

UiB utnemner pianist Leif Ove Andsnes, dosent Jostein Fet, professor Han Dayuan, professor Edvard Moser, professor May-Britt Moser, designer Peter Opsvik, professor Arthur L. Stinchcombe og professor Katherine Jane Willis til æresdoktorar.

Æresdoktorar 2017

Æresdoktorar 2017
ÆRESDOKTORAR: F.v øverst, pianist Leif Ove Andsnes, dosent Jostein Fet, professor Han Dayuan, professor Edvard Moser, professor May-Britt Moser, designer Peter Opsvik, professor Arthur L. Stinchcombe og professor Katherine Jane Willis.

Dette er den høgste æra universitetet kan gje til ein person som ikkje er tilsett ved UiB. 

Tradisjonelt blir æresdoktorat gitt til personar som er viktige for universitetet, og kan tildelast kvart andre år, eller når universitetsstyret kjem fram til at eit universitetsjubileum eller anna anledning bør markerast på denne måten.

Under doktorpromosjonen 5.mai vil det bli utnemd åtte nye æresdoktorar med svært ulik bakgrunn. Felles for alle er at dei mottek æresdoktoratet for viktig vitskapleg innsats eller framifrå arbeid til gode for vitskapen.

Blant verdas fremste pianistar

Pianist Leif Ove Andsnes (f. 1970) begynte alt som sekstenåring å studere ved Bergen musikkonservatorium (no Griegakademiet ved UiB) med professor Jiri Hlinka. Andsnes har hatt ei verdsomspennande og intens karriere som pianist, kunstnerisk leiar for kammermusikkfestivalar, formidlar, inspirator og lærar for unge talent og studentar. Han vert i dag rekna som blant verdas fremste pianistar.

Andsnes har hatt stor betydning for kunst- og kulturbyen Bergen og for norsk musikk- og musikklivs internasjonale omdømme. Han har også engasjert seg i kulturdebatten med ei tydeleg og klok stemme. Andsnes har vore knytt til Det kongelige Danske Musikkonservatorium som adjungert professor og til Norges musikkhøgskole som professor II.  I 2016 blei han æresdoktor ved Juilliard School i New York. Leif Ove Andsnes er utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden.

Skreiv om norsk kulturhistorie

Jostein Fet (f. 1924) er forskar, forfattar, kulturhistorikar, folkemusikar og tidlegare dosent og undervisningsleiar ved Høgskulen i Volda. Fet har levert ny innsikt i norsk kulturhistorie gjennom dei mange litteratursosiologiske forskingsarbeida sine, og har på eit viktig punkt revidert norsk historieskriving: Norske bønder på 1700- og tidleg på 1800-talet eigde bøker og var langt meir lesande og skrivande enn norske historikarar tidlegare har framstilt dei som.

Fleire av bøkene hans er blitt ståande som viktige referanseverk i norsk og skandinavisk litteraturforsking. I tillegg til litteratursosiologi har han også levert bidrag innanfor andre område av nordistikken, slik som terminologi og stadnamn, og innanfor folkemusikkhistorie. Fet har alltid vore ein omtykt føredragshaldar, ikkje minst fordi alle føredrag og skrifter er konsekvent forma i eit språk som er lett tilgjengeleg også for interesserte utan akademisk bakgrunn.

Ei drivkraft for Beijing - Bergen samarbeid

Han Dayuan (f. 1960) er dekan og professor ved Renmin University Law School, Beijing, Kina. Han er professor i kinesisk konstitusjonell rett, komparativ konstitusjonell rett, og konstitusjonell rettshistorie. Han har ein omfattande vitskapleg produksjon innanfor desse fagområda, og har fleire leiande akademiske verv så vel som prisar.

Han Dayuan er æresdoktor ved Lapplands universitet i Finland sidan 2012. Han har hatt forskningsopphold ved Kyoto University Law School, Japan (1990-1991) og ved Harvard Law School, USA (2000-2001).

Dayuan har sidan den fyrste kontakten med Det juridiske fakultetet i Bergen i 2010 vore ei drivkraft i samarbeidet mellom dei to fakulteta. Dette samarbeidet omfattar no både studentutveksling, utveksling av undervisingskrefter, ein årleg rundebordskonferanse mellom dei to fakulteta sine ph.d.-kandidatar, og kontakt og samarbeid mellom forskarar.

Fekk Nobelprisen for stort gjennombrot

May-Britt Moser (f. 1963) og Edvard Moser (f. 1962) er blant Norge og Europas leiiande hjerneforskarar, og blei i 2014 tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin. Dei har begge utdanning i psykologi frå Universitetet i Oslo, og tok doktorgraden same stad under rettleiing av prof. emeritus Per Andersen.

Eit viktig gjennombrot i forskinga til May-Britt Moser og Edvard Moser var oppdaginga av gitterceller tett kopla til hippocampus, som utgjer eit posisjoneringssystem i hjernen. Oppdaginga danna grunnlag for ei ny forståing av det nevroanatomiske grunnlaget for orienteringsevna, og har ført til ei rekke nye studier som har gitt omfattande innsikt i mellom anna korleis orienteringsevne og hukommelse er kopla saman. I 2014 mottok dei saman med John O’Keefe Nobelprisen i fysiologi eller medisin for denne oppdaginga.

Dei har publisert eit høgt tal vitskaplege arbeid av særdelegs høg kvalitet, og etablert internasjonale forskingsnettverk som også har manifestert seg i renommerte sentre. Arbeidet deira er til stor inspirasjon for forskarar over heile verda.

Fekk gjennombrot med Tripp Trapp-stolen

Møbel- og industridesignar Peter Opsvik (f. 1939) fekk gjennombrotet sitt med Tripp Trapp- stolen, som blei lansert i 1972 og som har solgt i millionar sidan. At stolen kan tilpassast brukarane etter kvart som dei veks, og gir dei større fridom til å røre seg, er eit uttrykk for opphavsmannen si humanistiske tilnærming til design.

Den nyskapande designaren vert rekna som ein av dei store møbeldesignarane nasjonalt og internasjonalt. Han er representert i fleire norske og internasjonale museum, har hatt separatutstillingar heime og ute og mottatt ei rekke utmerkingar, som Jacob-prisen i 2012 og Torsten og Wanja Söderbergs nordiske pris for formgiving og kunsthandverk i 2000. Opsvik studerte ved Bergens Kunsthåndverksskole frå 1959 til 1963, og tok diplomeksamen ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo i 1964.

Innflytelsesrik sosiolog

Professor Arthur L. Stinchombe (f. 1933) er ein av det 20. århundret sine mest innflytelsesrike sosiologar. Forfattarskapen hans spenner uvanleg breitt – han har presentert overskridande bidrag innan byråkratiteori, organisasjonsteori, politisk sosiologi, økonomisk sosiologi, matematisk sosiologi, teknologiforsking og rettssosiologi.

Forfattarskapen hans omfattar også store bidrag innan historiske og komparative studiar – for eksempel i Social Structure and Organizations (1965). Han er ein av dei få som meistrar både kvalitative og kvantitative tilnærmingar i studia sine av sosiale fenomen. Ved sidan av ei rekke empiriske studiar, har han også gitt store bidrag innan samfunnsvitskapleg teoribygging.

Stinchcombe har vore tilknytta fleire av verdas fremste universitet, inkludert Berkeley, Johns Hopkins, Chicago, Arizona, Stanford og Northwestern. Han har hatt studieopphald og gjesteprofessorat i ei rekke andre land, som Chile, Frankrike, England, Nederland og Norge. Norgesopphalda har vore knytta til Bergen, både universitetet og Industriøkonomisk Institutt.

Verdsleiiande biolog

Professor Kathy Willis er verdsleiiande innan global biodiversitetsforsking. Ho studerer samanhengane mellom økosystemers dynamikk og miljøendringar, på ein tidsskala frå tiår til millennier og frå ein enkelt innsjø til heile planeten. Ho er no Vitenskapsdirektør ved Royal Botanic Gradens i Kew og Tasso Leventis professor i biodiversitet ved Universitetet i Oxford. Ho har publisert seks bøker og meir enn 150 vitskaplege artiklar i leiiande tidsskrift.

Willis er også ein framifrå vitskapsformidlar, og mottok i 2015 Michael Faraday prisen fra Royal Society i London for eksellense i vitskapsformidling. Ho var professor II på Institutt for biologi, Universitetet i Bergen, mellom 2007 og 2015 og er framleis ein aktiv samarbeidspartner med kollegaer i Bergen, og ved Kew og i Oxford.