Hjem
Click

Det humanistiske fakultet

Fekk draumejobben

Hanne Marie Molde har studert russisk og nordisk og har fått jobb i dokumentar- og underhaldningsavdelinga til NRK i Bergen.

Kunnskap om språk trengst på dei mest uventa plassar!

Etter ei tid som vikar i ulike nyheitsredaksjonar fekk Hanne Marie for eit år sidan tilbod om draumejobben i dokumentar- og underhaldningsavdelinga til NRK i Bergen.

– Eg har alltid vore veldig interessert i språk, og no hadde eg sjansen til å vera med å utvikla og produsera ein heilt ny tv-serie om norsk språk, «Dialektriket», som handlar om norske dialektar, fortel ho.   

Utkledd som skarre-r

Dei er fire personar i redaksjonen: ein prosjektleiar, ein programleiar, ein fotograf/klippar og ein journalist.

– Dei viktigaste arbeidsoppgåvene mine har vore å samle inn fakta , å grave fram og intervjue intervjuobjekta i serien. Men, sidan vi er ein veldig liten redaksjon, har eg også vore aktiv i idéfasen, seier Hanne Marie.

Sidan dei er så få i redaksjonen har ho fått prøve seg på fleire arbeidsoppgåver  som for eksempel klipping av sekvensar og utforming av pressemeldingar. Ho har dessutan  vore med på dei fleste opptaka rundt om i landet – som lydkvinne med ein tung bom eller som ein skarre-r i eit veldig varmt kostyme.

– Eg likar svært godt at jobben er så variert, og det er spennande å få vera med på heile prosessen frå vag ide til seks 40-minutts program i beste sendetid på NRK1.  

Språkstudiar ein fordel

Folk stiller høge krav til språket i NRK og forventar at det skal vera godt og korrekt. Det er derfor viktig med god språkkompetanse, særleg når programmet i tillegg handlar om språk. At ho har studert språk ved Universitetet i Bergen har vore ein klar fordel for dette prosjektet, meiner Hanne Marie.

–  Eg hadde alt gode kunnskapar om dei norske dialektane gjennom emna eg tok i nordisk og som tidlegare student har eg hatt god kontakt med fagmiljøet og slik lettare kunne orientere meg i fagtekstar og bøker. Tekstbearbeiding og korrekturlesing har også vore ein viktig del av jobben min, fortel ho.  

Russiskkunnskapar til nytte  

Hanne Marie fekk ikkje brukt russiskkunnskapane direkte i arbeidet med tv-serien, men russisk var ein av hovudgrunnane til at ho blei valt inn i styret i Bergen Journalistlag.

–  Dei hadde akkurat starta eit samarbeid med journalistlaget i St. Petersburg og trengte nokon som kunne språket. Eg ropte ut, og det har ført meg på fleire studieturar til Russland og Litauen, fortel ho og fortset.

–  Språkkunnskapar trengst på dei mest uventa plassar! Eg er veldig fornøgd med at eg valde å studere språk, og det har eg tenkt å halde fram med resten av livet.