Hjem

Utdanning

Matematikk: Realfagas potet

– Eg har alltid likt ting som er logiske og ingenting er så logisk som matematikk.

Faget kan brukast til utruleg mykje forskjellig. Matematikken er poteten blant realfaga.

Vi møter Birgitte Riisøen Erichsen på eit grupperom i 4. etasje på Realfagbygget. Birgitte er 24 år, kjem frå Bergen og er i ferd med å skrive masteroppgåve i anvend og utrekningsorientert matematikk. Ho har også ein bachelorgrad i matematiske fag frå før, og er ikkje i tvil om at dette er det rette faget for henne.

– Eg liker at matematikk er logisk og alltid gir tydelege svar. Ei likning kan vere komplisert, men det svaret du sit att med til slutt er alltid enten rett eller feil. Ein annan ting eg liker godt ved matematikk, er at faget kan brukast til så utruleg mykje forskjellig. Matematikken er poteten blant realfaga.


Matematikk og medisin

Birgitte er tilknytt reservoargruppa ved matematisk institutt. Dei fleste andre i gruppa jobbar med petroleumsteknologi og CO2-lagring, men Birgitte har valt å spesialisere seg innanfor eit anna felt der matematikk speler ei viktig rolle, nemleg medisinsk forsking.

– I masteroppgåva mi skriv eg om korleis ein kan bruke kollagenimplantat i behandlinga av sjukdommar som kreft og beinskjørleik. Eg jobbar på modellar som kan seie noko om kor hurtig kollagenproteinet blir brote ned, og dermed kor hurtig medisin blir frigjort i kroppen.

Matematikarar handterer ofte kompliserte formlar og utrekningar og bruker gjerne dataprogrammering i arbeidet. - No har eg nettopp fått den første delen av programmet mitt til å virke, fortel Birgitte. – Det er ei heilt ubeskriveleg lykkekjensle, når noko du har streva med i så lang tid plutseleg fungerer som det skal!


Studiemiljøet er viktig

Matematisk institutt har relativt få studentar, men til gjengjeld ei ganske stor forskargruppe. Dette meiner Birgitte kan vere ein fordel for studentane. – Med eit relativt lite miljø blir terskelen lågare for å banke på dører og spørje om hjelp når du står fast på noko. Fagutvalet arrangerer opne kveldar på instituttet med jamne mellomrom, der studentar, forskarar og andre interesserte har høve til å komme saman og bli kjende med kvarandre på tvers av aldersgrupper og fagleg nivå. 

– Birgitte er sjølv med i fagutvalet og er klar på at det sosiale også er ein viktig del av studentlivet. – Mitt beste råd til nye studentar er at dei må engasjere seg i noko! Det betyr mykje både for det faglege og for trivselen å ha eit nettverk rundt seg, og det får du gjennom engasjement.   


Framtid og karriere

Ved sida av studia jobbar Birgitte for det landsdekkande prosjektet Ent3r som tilbyr gratis realfagshjelp for elevar på vidaregåandetrinnet. – Å jobbe for Ent3r har vore utruleg lærerikt og givande. Eg har også lenge tenkt på om læraryrket kunne vere noko for meg. 

Etter masteren håper eg å komme med på eit program i regi av Statoil som heiter Teach First Norway. På dette programmet får ein sjansen til å prøve seg som lærar, men er samtidig også garantert oppfølging og eit jobbintervju med Statoil mot slutten av perioden. Opptakskrava er høge, men eg kryssar fingrane, for det ser ut til å vere eit program som ville passe meg perfekt.