Hjem

Utdanning

Meteorolog i regnbyen

Kristen Myklebust Ravnestad (28) har mastergrad i meteorologi frå Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen. Vegen frå studentlivet gjekk vidare til meteorolog i Storm Geo og vêranker for TV 2.

Bergen er kanskje den staden i Noreg med flest arbeidsplassar for meteorologar.

Etter ein treårig bachelorgrad i meteorologi og oseanografi, tok mastergrad i meteorologi på Geofysisk institutt, ved Det matematisk- og naturvitskaplege fakultet.
 

Fantastisk, yrkesretta, og relevant
-Eg kan ærlig seie at eg var veldig lei ei stund, for det var mykje matematikk og statistikk. Dette er fagkunnskapar ein er nøydd til å ha kjennskap til, men som ikkje alltid var like interessante å fordjupe seg i. Dei siste åra av studiet synest eg var veldig givande. Når alle trådane med fagkunnskapar vart knytt saman fekk eg ei god forståing og såg relevansen i det eg hadde lært tidlegare. 

På masternivå var dei berre ei lita gruppe. - Vi hadde eit fantastisk godt miljø både mellom oss studentane og med professorane. Vi hadde eit nært samarbeid med Meteorologisk institutt og Bjerknessenteret som gjorde utdanninga veldig yrkesretta og relevant. Dei som underviste var også veldig flinke. Det var eit godt miljø både sosialt og fagleg. 

Jobb i Storm
Rett etter studia fekk han  jobb som varslingsmeteorolog i Storm. Eg var veldig heldig som fekk akkurat den jobben eg ynskja etter masteren. Å kunne jobbe direkte med det eg hadde studert var heilt supert.

- Meteorologisk institutt og Storm er flinke til å lyse ut stillingar for nyutdanna.  Bergen er kanskje den staden i Noreg med flest arbeidsplassar for meteorologar. Meteorologi er eit tungt realfagsstudie, og eg kan innrømme at eg ikkje har rekna så mykje etter at eg gjekk ut av universitetet. På den andre sida er det sjølvsagt viktig med ein god fagbakgrunn i botn for å kunne gjere ein god jobb som meteorolog. Når det gjeld presentatørjobben har eg ingen fagleg bakgrunn.

Å gjøre ein god jobb er å varsle korrekt
Den største utfordringa er for han å kunne svare på alle spørsmåla som dukkar opp, og levere det beste varselet. - Særleg offshore er det kundar som ynskjer å vite bølgjehøgda på meteren og vindstyrken på sekundmeteren. I presentatørjobben kan det vere ei utfordring å lage gode vêrsendingar. Ein må legge hovudfokuset på ein litt meir subjektiv måte i forhold til det meteorologen gjer.

Som meteorolog kan han glede seg over at det høljar ned. -Medan ein kan vere sur for at det er sol ein dag dersom ein ikkje har meldt det. Eg får ein god del tilbakemeldingar på jobben eg gjer, både positive og negative, men gode tilbakemeldingar er alltid givande.

Han trivst også med dyktige kollegaer. - Det er ikkje alle som er så heldige å få jobbe saman med fem flotte damer. Det einaste er vel at eg har øydelagt vêrdame-stempelet. Vi er ei god vêranker-gruppe her ved TV2 med varierande fagbakgrunn og erfaring, kva kjønn ein har spelar inga rolle.