Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Stor variasjon i akuttmedisinske tilstandar i Austevoll

Sverre Rørtveit disputerer fredag 30.09.2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Akuttmedisin i ein distriktskommune”.

Hovedinnhold

Hendingar med akutt og alvorleg sjukdom og skade medfører angst og dramatikk, både for den som sjølv vert sjuk, og for familien og miljøet rundt. Det er med andre ord god grunn til å skaffa kunnskap om kor ofte slike hendingar skjer i lokalsamfunnet, og kva for typar hendingar og diagnosar det gjeld. Det viser seg at det frå før føreligg forbausande lite dokumentasjon om dette, fordi føregåande studier har hatt sjukehusavdelingar som utsikts- og registreringspunkt.

Dette er utgangspunktet for dei to studiane som ligg til grunn for avhandlinga. I den første av desse vart all akuttmedisinsk aktivitet registrert i Austevoll kommune i ein to-årsperiode 2005-2007. I kommunen har det vore tradisjon for medverknad frå dei kommunale legane i alle akuttmedisinske situasjonar, og både legane og ambulansepersonellet registrerte alle dei akuttmedisinske hendingane og ei rekke tilhøve rundt kvar enkelt hending.

Hovudfunn frå studien er at akuttmedisinske hendingar i lokalsamfunnet skjer forholdsvis hyppig, har ei stor medisinsk variasjonsbreidde, og det er vanskeleg å anslå kor alvorleg hendinga er når den første meldinga kjem inn til helsepersonellet. Alvorsgraden vart ofte endra frå meldings-til undersøkingstidspunkt, oftast ved at alvorsgraden vart nedjustert.

Den andre studien handla om innhenting av røynsler frå opplæring og organisering av lekfolk i grupper, som akutthjelparar til innsats ved akutte hjartetilfelle. Studien vart gjort ved to øyar i kommunen der det på den tid ikkje var brusamband. Studien gjekk i ein femårsperiode 2002-2007.

Hovudfunn i denne studien var at akutthjelpargruppene fungerte heile femårsperioden, men at det kunne registrerast viktige slitasjeeffektar på personellet mot slutten av studien. Folkesetnaden på dei to øyane var for liten til å kunna trekka konklusjonar om livreddande effekt av slik organisering.

Personalia
Sverre Rørtveit (f. 1949) har vore kommunelege i Austevoll i 35 år. Han er utdanna lege frå Universitetet i Bergen i 1974. PhD-avhandlinga er gjennomført medan han har vore kommunelege, fastlege og legevaktlege. Han ein del av forskings-fagmiljøet ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), Universitetet i Bergen, og Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (Nklm), Uni Research Helse, Bergen. Rettleiarane hans har vore Steinar Hunskår, IGS og Nklm, og Eivind Meland, IGS.