Hjem
Nye doktorgrader
Disputas

Fører lakseoppdrett til evolusjonære endringar hos lakselus?

Mathias Stølen Ugelvik disputerer tysdag 20. juni 2017 for Ph.D.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Salmon lice as models for understanding life history evolution of parasites under intensive farming».

Hovedinnhold

Menneskeleg aktivitet kan drastisk endre økologiske forhold for levende organismar, til dømes gjennom intensivering av matvareproduksjonen. Langs norskekysten har oppdrett av laks (Salmo salar) auka mykje dei siste tiåra. og parasitter som lakselus (Lepeophtheirus salmonis) er ei stor utfordring for industrien. Lakseoppdrett introduserer lakselus for andre økologiske forhold enn kva den finn under naturlege forhold, karakterisert av ein stor tilgang på mottakelege vertar og kortare levetid grunna bruk av kjemikaliar og slakting av verten.

Vi forventa difor basert på evolusjonær teori at lakselus frå områder med lakseoppdrett brukar meir ressursar på tidleg reproduksjon enn lus frå områder utan oppdrett. Sidan lakselus er avhengig av ressursar frå ein vert for å reprodusere og overleve, vil ei auke i tidleg reproduksjonen også kunne gjere at lakselusa frå områder med oppdrett fører til meir skade på verten (dei blir meir virulente).

For å undersøke om økologiske forhold knytt til intensivt oppdrett av laks har ført til evolusjonære endringar i livshistorie og virulens hos lakselus, samanlikna vi biologiske eigenskapar og virulens hos lakselus frå fire ulike lokalitetar i Atlanterhavet (to med lakseoppdrett og to utan).

Vi fann ulikskapar mellom lus frå områder med og utan lakseoppdrett; lakselus frå områder med oppdrett hadde som forventa utifrå teorien høgare investering i tidlig reproduksjon, men lågare reproduksjon seinare. Vidare hadde lus frå områder med oppdrett større infeksjonssuksess, men lågare overleving på verten som vaksne enn dei frå områder utan lakseoppdrett. Variasjon i desse eigenskapane er truleg knytt til økologiske forhold i oppdrettsanlegga, som vi trur selekterer for raskare livssyklus. Lakselus frå områder med lakseoppdrett var også meir skadelege for verten og førte både til meir hudskade og reduserte vertens vekst meir enn lus frå områder utan oppdrett. Dette tyder på at økologiske forhold i laksemerdane selekterer for meir skadelege lakselus.               
 
Personalia
Mathias Stølen Ugelvik er født i 1983 og er frå Midsund i Møre og Romsdal. Han har ei mastergrad i evolusjon og økologi frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet er utført ved Universitetet i Bergen under rettleiing av Arne Skorping og Adele Mennerat.