Hjem

Nye doktorgrader

Ny doktorgrad

Uformell læring og kunnskapsutvikling innan journalistikk

Morten Kronstad disputerer torsdag 23. november 2017 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Frå skulebenk til deadlines. Korleis nettjournalistar og journaliststudentar lærer, og korleis dei utviklar journalistfagleg kunnskap."

Uformell læring skjer ofte utan at ein er klar over det, og kjem gjerne som eit resultat av aktivitetar eller hendingar som ikkje er planlagde. Dei siste tiåra har det vorte retta større merksemd kring læringsprosessar som ikkje er direkte intenderte, og uformell læring kan sjåast på som ein prosess der ein tileignar seg personleg kunnskap kring noko. Den lærande er såleis plassert i førarsetet. Personleg kunnskap kan seiast å vere ein type kunnskap som set menneske i stand til å tenkje og utføre særskilde handlingar i særskilde praktiske situasjonar.

Gjennom forskingsstudien har Kronstad undersøkt korleis journaliststudentar og nettjournalistar lærer uformelt, og korleis dei forstår og utviklar kunnskap gjennom utdanning og praksis. Det er vidare gjort greie for kva rolle praktisk kunnskap spelar i utdanninga og korleis nettjournalistar lærer gjennom praktiske erfaringar. Kronstad peikar på at ein teori kring læring på arbeidsplassen bør ta omsyn til at læring skjer på ulike medvitsnivå som omfattar både kognitive, åtferdsmessige, motivasjonelle og kjenslebaserte aspekt.

Den erfaringsbaserte kunnskapen ved journalisten sitt arbeid spelar ei tydeleg rolle allereie under journalistutdanninga, særleg hjå studentar med arbeidserfaring. Erfaringar formar og endrar måten ein møter problemstillingar på, og korleis ein skapar samanheng i eit komplekst materiale. Det blir argumentert for eit sterkare fokus på utvikling av kritisk refleksjon som grunnlag for å kople teori og praksis nærare saman.

Avhandlinga bidreg med kunnskap om rammevilkåra for korleis nettjournalistar handlar og lærer, korleis journaliststudentar utviklar kritisk refleksjon og forstår dette omgrepet, og korleis journaliststudentar brukar erfaringane sine og eigen praktisk kunnskap under studiet.

Personalia
Morten Kronstad (f. 1979) er oppvaksen på Voss. Han er lærarutdanna frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og har ein master i pedagogikk frå Universitetet i Bergen. Ph.d.-prosjektet vart utført ved Institutt for pedagogikk i forskingsgruppa Digitale Læringsfellesskap ved UiB. Han arbeider som spesialpedagog og har ei bistilling som universitetslektor ved IPED. Hovudrettleiar var frå 2006 til 2010 professor Sølvi Lillejord, UIB, og fram til 2017, professor Kariane Therese Westrheim, UIB. Birettleiarar har vore professor Martin Eide og professor Rune Krumsvik.