Hjem

Nye doktorgrader

Ny doktorgrad

Marknadsplassar omkring Hardangervidda i vikingtid og mellomalder

Kjetil Loftsgarden disputerer fredag 1. desember 2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Marknadsplassar omkring Hardangervidda - ein arkeologisk og historisk analyse av innlandets økonomi og nettverk i vikingtid og mellomalder”

Perioden sein vikingtid–høgmellomalder er ein økonomisk ekspansjonsperiode med folketalsauke, etablering av konge- og kyrkjemakt og framvekst av byar. I denne perioden gjekk det òg føre ein omfattande overskotsproduksjon basert på utmarksressursar i fjell- og dalbygdene omkring Hardangervidda. Særleg tydeleg er dette med omsyn til jernframstilling. Produksjonen av jern i denne perioden oversteig både lokale og nasjonale behov og jern vart ein viktig handelsvare.

I takt med ein aukande ressursmessig spesialisering i det sørnorske innlandet vart handel ein viktig bestanddel på sesongmessige møteplassar i perioden 1000-1300 e.Kr. Avhandlinga belyser kva økonomisk, sosial og politisk rolle innlandets ressursar og handelen med desse på marknadsplassar spela for fjell- og dalbygdene i Sør-Noreg, så vel som samfunnet som heilskap.

Handel mellom stort sett likeverdige partar kunne sakte og over tid få ein større betyding på allereie eksisterande årvisse samkome, så lenge utvekslinga var fordelaktig, både økonomisk og sosialt, for alle partar.

Vareutveksling var ein betydeleg faktor for overskotsproduksjonen basert utmarksressursar. Gjennom marknadsplassar, som Kinsarvik eller Kaupanger, kunne befolkninga i innlandet få tilgang på naudsynte varer, som korn, kleber og salt. Likeins sikra marknadsplassane ein stabil tilførsel av jern, skinn, pels og gevir til kyst- og fjordstrøk, til mellomalderbyane og til konge- og kyrkjemakta.

Befolkninga i fjell- og dalbygdene blir forstått som aktørar i økonomiske og sosiale nettverk som batt saman regionane i Sør-Noreg i vikingtid og mellomalder. Marknadsplassane låg som knutepunkt langs ferdselsårer mellom ulike geografiske, og/eller rettsleg-administrative område, og vil såleis ha vore fokalpunkt for kommunikasjon og interaksjon, og stader der det vart spreidd varer, men òg idear, tankar og teknologi. Plassane kunne slik binde folk saman i økonomiske og sosiale nettverk og fellesskap.

Personalia
Kjetil Loftsgarden (f. 1982) er frå Rauland, Telemark. Han leverte mastergraden i 2007 og har arbeidd som arkeolog og rådgjevar ved blant anna Kulturhistorisk museum i Oslo og Universitetsmuseet i Bergen. Som doktorgradsstipendiat var han finansiert av Det humanistiske fakultet, UiB. Stillinga har vore knytt til Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.