Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Frå tannvern til barnevern

Ingfrid Vaksdal Brattabø disputerer fredag 27. april for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:«Detection of child maltreatment, the role of dental health personnel. – A national cross-sectional study among public dental health personnel in Norway.»

Hovedinnhold

Omsorgssvikt mot born og unge er eit alvorleg samfunnsproblem då det ofte medfører alvorlege og vedvarande konsekvensar for dei utsette borna. For å forhindra og redusera konsekvensane av omsorgssvikt er førebygging, tidleg avdekking og tverrfagleg samarbeid mellom tenester viktig. 

Denne avhandlinga syner at offentleg tannhelsepersonell i Noreg er i posisjon til å avdekke ulike former for omsorgssvikt. Samstundes viser den at tannhelsepersonell si meldeplikt og barnevernets tilbakemeldingsplikt til offentleg meldar ikkje alltid blir utøvd i tråd med helsepersonellova og barnevernlova sin intensjon. 

Studien som inkluderer ei nasjonal spørjeundersøking blant 1200 offentlege tannlegar og tannpleiarar i Noreg, syner at 60 % har sendt ein eller fleire bekymringsmeldingar til barnevernet i løpet av sin karriere. Samstundes har heile 33 % unnlate å senda bekymringsmelding ved mistanke om alvorleg omsorgssvikt ein eller fleire gongar. Majoriteten av meldingar frå tannhelsepersonell omhandlar bekymring for barnet si til orale helse.

I tillegg til bekymring for vanskjøtsel, blir det sendt bekymringsmelding grunna mistanke om psykisk og fysisk mishandling samt seksuelt misbruk. Ofte er det fleire årsaker som ligg til grunn for ei melding. Studien viser vidare at 1/4 av bekymringsmeldingane frå tannhelsepersonell resulterte i tiltak frå barnevernet, medan tannhelsepersonell mangla tilbakemelding frå barnevernet på utfall av nær 1/3 av meldingane.

Studien har i tillegg undersøkt kva faktorar som påverkar tannhelsepersonell sin intensjon om å sende bekymringsmelding ved mistanke om alvorleg omsorgssvikt. 

Resultata frå studien syner at for å kunne ivareta utsette born på ein best mogleg måte er det behov for eit tettare samarbeid mellom tannhelsetenesta og barnevernet. Samstundes må utdanningsinstitusjonar og tenestene arbeide systematisk og kontinuerleg for å auke kunnskapen og kompetansen hjå tannhelsepersonell når det gjeld ulike former for omsorgssvikt og utøving av meldeplikt. 

Personalia
Ingfrid Vaksdal Brattabø (f.1975) har tre born og er tannpleiar frå UIB, har hovudfag i biologi (cand.scient.) frå UiB og praktisk pedagogisk utdanning frå HIB. Sidan 2008 har Brattabø jobba i tannhelsetenesta Hordaland fylkeskommune. Ph.d.-arbeidet har ho utført ved Tannhelsetjenestens kompetansesenter vest /Hordaland og HEMIL-senteret UIB. Rettleiarar har vore førsteamanuensis Ragnhild Bjørknes, professor Anne Nordrehaug Åstrøm og professor Anette Christine Iversen.