Hjem
Nye doktorgrader

Har kjønn ei tyding for ungdom og dataspel?

Silje Hole Hommedal disputerer fredag 16. mai 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Diskursen om dataspel – kjønna rammer og posisjonar i konstruksjonen av identitet".

Hovedinnhold

Folk si fyrste erfaring med datamaskiner er som oftast gjennom dataspel. Sjølv om dataspel har vorte ein naturleg del av unge kvinner og menn sine liv, har forsking likevel synt at dataspel vert oppfatta som sterkt kopla til unge menn. Denne koplinga kan vera med på å føra til oppfatningar om at dataspel er for unge menn, at unge kvinner ikkje er fullgode spelarar eller at dei spela som vert spelt av unge kvinner ikkje er 'skikkelege' dataspel, noko som igjen bidreg til å usynleggjera unge kvinner når det gjeld dataspel. Formålet med avhandlinga har vore å gi kunnskap om på kva måte oppfatningar om korleis unge kvinner og menn 'skal' vera og oppføra seg har ei påverking på unge kvinner og menn sine forhold til dataspel.

Kvalitative intervju med unge kvinner og menn syner at dei deler ei forståing av forholdet mellom dataspel og kjønn. Den dominerande oppfatninga i denne forståinga er at det i hovudsak er unge menn som interesserer seg for dataspel, spesielt skytespel og valdsspel, og at unge kvinner tek avstand frå dataspel. Vidare i avhandlinga vert det deretter fokusert på kva ulike mogelegheiter unge kvinner og menn har til å forhandla med denne forståinga for slik å produsera alternative forståingar av dataspel og kjønn som dei sjølve kan bruka i sine kjønns- og identitetskonstruksjonar.

 

Personalia: Silje Hole Hommedal (f.1977) frå Voss har mastergrad i kultur- og samfunnsvitskap (2006) frå Universitetet i Bergen. Avhandlinga er skriven i stilling som doktorgradsstipendiat ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, der Hommedal i dag er midlertidig tilsett som universitetslektor. Doktorgradsarbeidet vart gjennomført i perioden 2007-2013, med førsteamanuensis Hilde G. Corneliussen som rettleiar.