Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Tydinga av Vitamin K og betennelse for bein og brot

Ellen M. Apalset disputerer tysdag 23. september 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Vitamin K and inflammation in relation to bone mineral density and hip fractures».

Hovedinnhold

Noreg er eitt av landa i verda med høgast førekomst av osteoporose og hoftebrot. I denne studien blei faktorar som kan ligge bak osteoporose granska. Vi la vekt på vitamin K1 og K2 i kosten og blodmarkørar som blir danna ved betennelsestilstandar via interferon-gamma (IFNγ, eit cellesignalmolekyl).

Beintettleik er eit mål på kalsiummengda i skjelettet, og denne er svært låg hos personar med osteoporose. Lite vitamin K1 i kosten var assosiert med låg beintettleik blant kvinner, men ikkje hos menn. Eldre personar (71-74 år) med lågt vitamin K1-inntak hadde auka risiko for hoftebrot. Vitamin K2 i kosten hadde ingen samanheng med beintettleik eller risiko for hoftebrot.

Tydinga av betennelsesmarkørar i blodprøver blei også undersøkt. Blant dei eldste blei det funne ein samanheng mellom høgare verdiar av visse betennelsesmarkørar og låg beintettleik. Hos middelaldrande personar (47-49 år) var det ingen slik samanheng. Dei eldste hadde også større risiko for hoftebrot ved høgare nivå av desse betennelsesmarkørane.

Høgt inntak av vitamin K1 heng saman med eit sunt kosthald og ein sunn livsstil, og studien kan difor ikkje konkludere med at vitamin K1 beskyttar mot osteoporose og brot. Ein samanheng mellom betennelse og osteoporose har vore vist også tidlegare, men dette er første gong denne delen av immunsystemet har vore undersøkt i samanheng med beintettleik og brot i ein større befolkningsstudie. Studien bygger på data frå Helseundersøkelsen i Hordaland (HUSK), som blei gjennomført 1997-99 med 10 års oppfølging mot hoftebrot registrert ved sjukehusa i fylket.

Personalia:

Ellen M. Apalset er spesialist i revmatologi og overlege ved Revmatologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus, der ho arbeider med osteoporose og vurdering av beintettleiksmålingar samt revmatiske sjukdommar. Ho er utdanna cand. med. et chir. frå Islands universitet i 1995. Doktorgradsarbeidet utgår frå Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Clara G. Gjesdal, Geir Egil Eide og professor Grethe S. Tell har vore rettleiarar.