Hjem
Nye doktorgrader
ny doktorgrad

Økonomisk evaluering ved prioritering av medisinar

Amani Thomas Mori disputerer tysdag 24. november 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: “Pharmacoeconomics and formulary decisionmaking in Tanzania: Generating evidence for antimalarial drugs”.

Hovedinnhold

Kostnadene til medisinar og vaksiner er aukande over heile verda, og dei rikaste landa nyttar difor i aukande grad økonomiske metodar for å sikre at ein får mest mogleg helse for helsepengane. I fattige land som t.d. Tanzania, der dei finansielle ressursane er få og utfordringane store, er bruken av økonomiske metodar dessverre dårleg dokumenterte.

Amani sin studie startar med å identifisere helseøkonomiske studiar for Tanzania, og å forklare om, korleis, og i kva grad dei har blitt nytta som grunnlag for avgjerder ved prioritering av medisinar. Han fann at berre 12 økonomiske studiar var tilgjengelege, og at mange av desse ikkje hadde vore nytta i avgjerdsprosessane. Eit like viktig funn var at medlemmene i ekspertkomitear manglar ekspertise i økonomiske metodar, noko som delvis forklarer kvifor dette kriteriet har mangla ved legemiddelprioritering.

Studien har også anvendte perspektiv, og Amani demonstrerer at den nye malariamedisinen dihydroartemisinin-piperaquine er eit mykje betre fyrstelinjealternativ ved ukomplisert malaria hos barn i Tanzania enn medisinen som i dag er i bruk, sidan den nye medisinen gir meir helse for pengane. Den nye medisinen vil koste den Tanzanianske helsetenesta 7,4 millionar amerikanske dollar ekstra per år samanlikna med medisinen som vert nytta i dag. Samstundes vil den redusere det årlege talet på barn som får malaria med 360 000, noko som er fem prosent reduksjon.

Personalia:

Amani Thomas Mori er fødd i 1979, og har ein bachelorgrad i farmasi frå Universitetet i Dar es Salaam, Tanzania.  Han har også ein mastergrad i helsepolitikk og helseleiing frå Muhimbili University of Health and Allied Sciences, Tanzania, der han også arbeider som lektor. Han starta på ph.d.-programmet ved Senter for Internasjonal Helse, UiB, i 2012, med prof. Bjarne Robberstad som hovudrettleiar og prof. Ole Frithjof Norheim som medrettleiar.