Hjem
Nye doktorgrader

Spreiing frå tjukktarmskreft - genetiske variasjonar

Inger Marie Løes disputerer 12.04.16 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Genetic heterogeneity in liver metastases from colorectal cancer"

Hovedinnhold

Kvart år får meir enn 4000 menneske i Noreg påvist kreft i tjukk- eller endetarm. Dei fleste blir friske etter operasjon og eventuelt cellegiftbehandling, men mange får framleis spreiing av kreftsjukdommen, og då oftast til lever. Ved spreiing er det fortsatt mogeleg å bli frisk, dersom ein kan operere bort alle spreiingssvulstane. For nokre pasientar kan imidlertid ikkje alle kreftcellene fjernast ved operasjon, og over tid vil sjukdomen då bli resistent mot cellegiftbehandling. På bakgrunn av dette er det viktig å vite kvifor sjukdommen spreier seg, kva pasientar som har mest nytte av operasjon og kvifor cellegiftbehandlinga sluttar å virke etter ei tid.

Løes har sett på genetiske endringar i spreiingssvulstar til lever frå tjukk- og endetarmskreft. Ettersom dei fleste pasientane har meir enn ein spreiingssvulst har ho og undersøkt skilnadane mellom svulstane i ein og same pasient (intra-individuell heterogenitet).

Resultata som blir presentert i avhandlinga viser at mutasjonar i to gen (KRAS og BRAF) medfører auka risiko for tilbakefall etter leveroperasjon. Det same gjeld ved stor grad av heterogenitet (forskjellar mellom svulstane), uavhengig av om denne skilnaden er basert på enkle genfeil i svulsten eller meir utbreidde skilnadar. Ikkje berre feil i BRAF genet, men også for mykje av det normale genet ser ut til å ha ein negativ effekt. På den andre sida har dei som får cellegiftbehandling etter leveroperasjonen mindre risiko for tilbakefall og betre sjanse til å bli friske etter operasjonen.

Denne kunnskapen kan ein nytte når ein skal velje kva behandling som passar best for dei ulike pasientane.
Persontilpassa kreftbehandling står framleis overfor store utfordringar, men ein går stadig små steg i riktig retning. Om ein ikkje kan snakke om «skreddarsydd behandling» enno, så har ein i løpet av dei siste 30 åra gått frå «one size fits all» til «small, medium og large».

Personalia

Inger Marie Løes frå Åmli i Aust Agder er fødd i 1974, utdanna lege ved UiB (2000) og spesialist i onkologi frå 2010. Ho har i perioden 2011-2015 vore stipendiat ved Klinisk institutt 2, UiB. Doktorgradsarbeidet er utført ved Mohn kreftforskningslaboratorium under rettleiing av professor Per Eystein Lønning, professor Halfdan Sørbye og seniorforskar Stian Knappskog. Ho er no overlege ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Haukeland universitetssjukehus.