Hjem
Nye doktorgrader

Fortidas stormar i Lofoten og Vesterålen

Pål Ringkjøb Nielsen disputerer onsdag 8. juni 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Holocene storminess and climate change in Lofoten and Vesterålen, northern Norway».

Hovedinnhold

Vestkysten av Noreg er utsatt for ekstremvær. Dette gjeld særleg i vintermånadene då store temperaturskilnader mellom luftmassane i Atlanterhavet fører til kraftige ekstratropiske lågtrykk. Ekstremvær er ofte synonymt med vind av orkan styrke, stormflo og kraftig nedbør, og kan i dei mest ekstreme tilfella føra til store øydeleggingar og naturkatastrofar. Meteorologiske målingar i Noreg går berre attende om lag 150 år, og kjennskap om stormars intensitet og frekvens attende i tid er dermed lite utforska. Med eit varsel om at hyppigheita av ekstremvær kjem til å auka i takt med klimaendringane, er det eit skrikande behov for å undersøka korleis dette har variert i tidlegare tider.

For å rekonstruera tidlegare klima og stormaktivitet undersøker Nielsen sedimentkjernar frå tre ulike vindpåverka dreneringsbasseng i Nord-Noreg, nærare bestemt i Lofoten og Vesterålen. Den eine studien tek sikte på å rekonstruera tidlegare variasjonar til ein botnbre, som er særleg følsam for endringar i vinternedbør og den vedvarande vindretninga. Dei to andre studiane baserer seg på å finna, samt å analysera, vindtransporterte sandkorn i sedimentkjernar frå to ulike kystnære miljø. Mengda sandkorn i kjernane har vorte kopla til stormaktivitet, og seier såleis noko om fortidas atmosfæriske sirkulasjon. Avhandlinga syner at det har vore vekslande periodar med høg/liten stormaktivitet dei siste 11000 åra, med ei tydeleg intensivering i stormaktivitet gjennom dei siste 3000 åra.

Personalia

Pål Ringkjøb Nielsen (f. 1986) er oppvaksen på Voss og busett i Bergen. Han fullførde mastergraden i naturgeografi ved Universitetet i Bergen våren 2011, og har i perioden 2011-2015 vore tilsett som universitetsstipendiat ved Institutt for geografi. Rettleiarar for prosjektet har vore professor Svein Olaf Dahl ved Institutt for geografi og førsteamanuensis Henriette Linge ved Institutt for geovitenskap.