Spesialistutdanning i odontologi
Det medisinsk-odontologiske fakultet ved Institutt for klinisk odontologi tilbyr spesialistutdanning innan følgjande fagområde: Endodonti, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, pedodonti, periodonti og protetikk.
Programma har ei normert studietid på 3 år (180 studiepoeng), der kvart studieår er delt inn i to semester. Unntak frå dette er oral kirurgi og oral medisin som har ei normert studietid på 5 år (300 studiepoeng). Utdanninga er delt inn i fire delar:
- teoretiske og kliniske kurs organisert av instituttet
- teoretiske og kliniske kurs organisert av den enkelte fagseksjonen
- klinisk teneste
- spesial-/spesialistarbeid
Undervisning vert gitt i henhold til vedtekne studieplanar.
Etter fullført utdanning går kandidatane opp til avsluttande eksamen og får tildelt vitnemål frå Det medisinsk-odontologiske fakultet for gjennomført spesialistutdanning.
Sist endret: 4.9.2012
Last ned filer
- utlysing-av-spesialistutdanning-i-odontologi.pdf (PDF-fil, 12 Kb)
- soknadsskjema.pdf (PDF-fil, 101 Kb)
- spesialistreglement-fra-hod-19.12.2008.pdf (PDF-fil, 342 Kb)
- ufyllande-spesialistreglement-2012.pdf (PDF-fil, 479 Kb)
- studieplan-endodonti.pdf (PDF-fil, 25 Kb)
- studieplan-kariologi.pdf (PDF-fil, 36 Kb)
- studieplan-protetikk.pdf (PDF-fil, 26 Kb)
- studieplan-oral-kirurgi-og-oral-medisin.pdf (PDF-fil, 28 Kb)
- studieplan-kjeve-og-ansiktsradiologi.pdf (PDF-fil, 26 Kb)
- studieplan-kjeveortopedi.pdf (PDF-fil, 52 Kb)
- studieplan-periodonti.pdf (PDF-fil, 86 Kb)
- studieplan-pedodonti.pdf (PDF-fil, 20 Kb)