Hjem
Anette Thorsheims bilde

Anette Thorsheim

Stipendiat

Rammer og rom - om «spelereglar» og «spelerom» i tradisjonsmusikken                                                                   Utvikling av treradarspel med utgangspunkt i overføring av låtspel frå hardingfele / fele.

Dette prosjektet i kunstnarleg utviklingsarbeid rører seg i feltet tradisjonsmusikk i Noreg og Sverige. Det tek utgangspunkt i dei mest vanlege instrumenta i sjangeren, hardingfela og fela, og stipendiatens eige instrument treradar, som er eit lite trekkspel. Fokus for utforskinga er instrumentet, ulike låttypar og spel til dans. Tema vert undersøkt gjennom overføring av låtmateriale i Vestland og Sør-Hedmark, komponering av eigne låtar og spel til dans. Utforskinga skjer både solo og i samspel i duoformat med Jeanette Evansson, fele/hardingfele, med Jonas Åkerlund, feler og gitarar, og med dansarar i workshopform. Dei ulike elementa påverkar kvarandre. Prosjektet undersøkjer kvalitetar i eit samspel både med musikarar og dansarar der kunnskap om låttypane ligg som grunnføresetnad for kommunikasjonen, og slik for spelerommet[1] i sjangeren.

[1] [1]Mikkel B. Tin, Spilleregler og spillerom. Tradisjonens estetikk, Oslo 2011.

Hovudinstrument torader/trerader

Rettleiar master i utøvande musikk

INNSPELINGAR

Thorsheim, Anette (2021). Nedstilt, Talik Records. https://www.youtube.com/playlist?list=OLAK5uy_nD1UT8c0SJK5EH7Ld97CDyom2JwmabIGM

Oleman (2012). Oleman (Johansson, Emma (fløyter og song); Olof Misgeld (fele og bratsj); Thorsheim, Anette (to- og ein halvradar)), Sjelvar Records. https://open.spotify.com/album/4kbDIzNNXizUMWZXAiSwql

Tritulen (2012). Tritulen (Jacobsson, Ebba (song); Åkerlund, Jonas (feler og gitarar); Thorsheim, Anette (to- og ein halvradar)), Etnisk musikklubb. https://open.spotify.com/album/0oXTO76AgagzpZes8f1oHD

 

LÆREVERK                                

Thorsheim, Anette (2020). Tone for tone Lærebok i torader (e-bok), Norsk musikkforlag. https://musikkforlagene.no/product/tone-for-tone/

Anette Thorsheim (f.1980) er folkemusikar på trerader, som er eit lite trekkspel. Ho har bakgrunn frå Kungliga musikhögskolan i Stockholm og Master frå Høgskulen i Telemark. I dag er ho tilsett som stipendiat i kunstnarleg utviklingsarbeid på Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, der ho m.a., fokuserer på spel til dans.