Stilling: førsteamanuensis
Telefon: 55 58 61 66
E-post: Jeanne.Boge@isf.uib.no
Besøksadresse: Kalfarveien 31
Eg er ein del av forskingsgruppa Praxeologi ved UiB. Forskinga mi har for ein stor del handla om tilhøvet mellom politikk og kroppslege sjukepleiepraksisar/hygiene (Boge 1999, 2002, 2008, 2009, 2010). Vidare har eg studert evidensproblematikk (2004 a, 2004 b, 2005, 2006, 2008). Eg har også analysert kjønn/menn sitt frå fråver i sjukepleie (2001, 2002), omfanget av/tilbodet i norsk smerteklinikkverksemd (1992) og høgprioriterte behov hos døyande (1988).
For tida studerer eg bruk av musik og berøring i det pasientar i sjukeheim skal leggje seg for å sove om kvelden. I forlenginga av studien vil eg sjå nærare på kva plass det har vore for sanselege kroppar i vestlege demokrati generelt og i moderne sjukepleie spesielt.
UTDANNING: Eg tok artium ved Os gymnas/Hordaland i 1976. Nokre år seinare blei eg sjukepleiar ved Hedemarks Fylkes sjukepleiarhøgskole og i 1985 var eg ferdig utdanna intensiv sjukepleiar ved Haukeland universitetssjukehus. Vidare har eg studert mange år ved Universitetet i Bergen. Mesteperten av universitetsstudiane har vore i sjukepleievitskap; Grunnfag og mellomfag (1988), hovudfag (1999) og ph.d (2008). I tillegg har eg eksamen frå ex.phil. (1977), filosofi grunnfag (1990) filosofi mellomfag (1991) pedagogisk pedagogikk (1993). Eg har enno ikkje publisert erfaringane frå pågåande studie om bruk av musikk og berøring i sjukeheim.
FORSKING: Forskinga mi har for ein stor del handla om tilhøvet mellom politikk og kroppslege sjukepleiepraksisar/hygiene (Boge 1999, 2002, 2008, 2009, 2010). Vidare har eg studert evidensproblematikk (2004 a, 2004 b, 2005, 2006, 2008). Eg har også analysert kjønn/menn sitt frå fråver i sjukepleie (2001, 2002), omfanget av/tilbodet i norsk smerteklinikkverksemd (1992) og høgprioriterte behov hos døyande (1988).
REFEREE: Er referee for eit nordisk sjukepleietidsskrift.
SAKKYNDIG: Har gjort sakkyndige vurderingar av kompetansen til personar som har søkt stilling som lektor/fystelektor/amanuensis.
FAGFELLESSKAP: Har fagleg samarbeid med norske og nordiske forskarar som forskar kring sjukepleie, pedagogikk, praktikkar, omsorg og kropp.
UTANLANDSOPPHALD: Har vitja fleire helseinstitusjonar i England og hospitert ved ei hospiceavdeling i Oxford ein månad. Vidare har eg besøkt fleire danske helseinstitusjonar og vore gjest ved Universitet i Uppsala nokre veker.
FØRELESINGSERFARING: Har førelest i ei rekkje tema som undervisar og forskar ved fleire bachelorutdanningar i sjukepleie. Eg har også førelest i mange år ved vidareutdanningar for sjukepleiarar som har studert intensiv-, anestesi-, operasjons- og barnesjukepleie. Sidan januar 2011 har eg hatt stilling ved UiB og førelest for både mastergrads- og ph.d. studentar. I tillegg har eg ofte vore gjesteførelesar.
VEGLEIINGSERFARING: Har vegleia ei heil rekkje sjukepleiestudentar på deira bacheloroppgåver. Vidare har eg vegleia mange intensivsjukepleiarstudentar når dei skreiv prosjektplan som avsluttande oppgåve. Elles har eg vore vegleiar og opponent/ekstern senor på mastergradsoppgåver i sjukepleie. Dei siste åra har eg også vore involvert i doktorgradsvegleiing. Sist men ikkje minst vil eg nemne at lærarrolla har innebore vegleiing av mange sjukepleiestudentar ved ferdighetstsøvingar og i pasientnære pleiesituasjonar.
PASIENTNÆRE OG ADMINISTRATIVE ERFARINGAR: Eg har mange års erfaring frå kroppsnært - og administrativt arbeid som sjukepleiar i sjukeheim, heimesjukepleie, smerteklinikk, akutt mottak og ulike intensivavdelingar.
VERV: Har hatt ei rekkje verv i ulike frivillege organisasjonar frå eg var nokså ung (skulelag, sanggrupper osv). På gymnaset var eg sekretær i elevrådet. Eg var studentane sin representant i utval og styrer då eg studerte sjukepleie, intensivsjukepleie, filosofi, hovudfag og ph.d.Eg har vore leiar for Høgskoleråd og vararepresentant i Rådet for omsorg for alvorlig syke og døende.