Språkpolitikk og språktenester ved UiB
Ved Universitetet i Bergen er undervisningsspråket, administrasjonsspråket og det daglege arbeidsspråket til vanleg norsk. Som eit internasjonalt forskingsuniversitet legg universitetet vekt på at delar av verksemda skjer på engelsk eller andre internasjonale språk. For å vareta desse målsetjingane og ansvaret overfor det norske og internasjonale samfunnet har universitetet som mål å utvikle mest mogleg parallellspråkleg praksis. Det skal praktiserast godt språk både på norsk og på framandspråk.
Prosjekt for språktenester
I 2010 vart det starta eit prosjekt for å etablere språktenestetilbod for tilsette ved Universitetet i Bergen. Prosjektet er knytt til Personal-og organisasjonsavdelinga. Ramma for prosjektet er å blant anna vidareutvikle språkkurs for tilsette, utarbeide system og rutinar for administrativ og praktisk tilrettelegging av informasjon og språkverktøy.
Kontakt rådgjevar Ellen M. Grong ved Personal- og organisasjonsavdelinga for meir informasjon. e-post: ellen.grong@adm.uib.no, telefon 55582214
-
Målbruk ved UiB
Mållova gjeld for sentrale statsorgan, og UiB kjem inn under denne. I tillegg har UiB eigne retningsliner for målbruk som ble vedteke i 1996.
-
Språkkurs for tilsette
Personal- og organisasjonsavdelinga har tilbod om ulike språkkurs for tilsette.
-
Oversettelse og språkvask
Universitetet har inngått rammeavtale med et oversettelsesbyrå for oversettelsestjenester og språkvask
-
Språkverktøy og nyttige tips
I arbeidet med skriving av tekster på norsk og engelsk er det nyttig å bruke nettbaserte ordbøker og termlister. Her får du lenker til nokre av dei.
-
Fagspråk og terminologi
Universitets- og høgskolelova slår fast at universitet og høgskolar har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk