Målbruk ved UiB
Mållova gjeld for sentrale statsorgan, og UiB kjem inn under denne. I tillegg har UiB eigne retningsliner for målbruk som ble vedteke i 1996.
Mållova
Mållova krev at minimum 25 prosent av tekstane på nett og i trykksaker skal vere på nynorsk, og at alle som skriv til UiB skal få svar i same målform. Nynorskkravet gjeld ikkje for interne tekstar mynta på tilsette.
Rapportering
Sentrale statsorgan under departementsnivå rapporterer kvart år om bruken av bokmål og nynorsk til Språkrådet.
Kurs
Kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk. Kontakt Personal- og organisasjonsavdelinga for informasjon om kurs for tilsette. Difi og Språkrådet har og tilbod om nynorskkurs og klarspråkkurs.
Omsetjing til nynorsk
Universitetet i Bergen har inngått rammeavtale med eit omsetjingsbyrå for omsetjing og språkvask.Rammeavtala skal sikre vårt behov for profesjonell omsetjing og språkvask med høg fagleg standard av dokument med tekst og innhald av ulik terminologi innanfor administrasjon, undervisning og vitskap. Informasjon om tenestene og prisar er å finne på Innkjøpsportalen. (Krev innlogging)
NyNo - omsetjingsverkty
NyNo er programvare for omsetjing av tekstar frå bokmål til nynorsk. IT-avdelinga har kjøpt inn nokre lisensar for vidare distribusjon til einheiter ved UiB. Programmet kan installerast via installasjonspakke på Windows-maskiner drifta av IT-avdelinga.
Retningsliner for målbruk
UiB har egne retningsliner for målbruk som ble vedteke i 1996.
Sist endret: 23.2.2011