Innføringskurs i nynorsk for framandspråklege tilsette
Personalavdelinga i samarbeid med Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar (LLE) tilbyr eit innføringskurs i nynorsk for tilsette som ikkje har norsk som morsmål.
Kurset vert halde i Christiesgate 18, rom 3.43/44
Tid og stad:
Onsdag 18.april kl.12.15 - 16.00
Onsdag 25.april kl.12.15 - 16.00
Onsdag 2. mai kl.12.15 - 16.00
Totalt 12 timar.
Kurset vert halde i Christiesgate 18, rom 3.43/44
Kurshaldar: Universitetslektor Aasne Vikøy, LLE
Målgruppe:
Framandspråklege tilsette med gode kunnskapar i norsk. Deltakarane bør ha fullført trinn 3 i norsk som andrespråk aller ha tilsvarande kunnskapar.
Mål:
- å kjenne til viktige skilnader mellom bokmål og nynorsk
- å lese og forstå nynorske tekstar
- å skrive og omsetje (frå bokmål) enkle tekstar på nynorsk
Innhald:
- bakgrunn for nynorsk – språkhistorie på fem minutt
- nynorskens status: statistikk og aktuell språkpolitikk
- mangfaldet i språket – dialektprøver
- kva er skilnaden frå bokmål – systematisera trekk
- minigrammatikk i nynorsk og nokre oppgåver knytt til dette
- omsetjingsoppgåver frå bokmål til nynorsk
Påmelding innen 12.april!