Sikker Jobb Analyse

Metoden Sikker Jobb Analyse (SJA) kan nyttast til å risikovurdere konkrete oppgåver og aktivitetar.

SJA-metoden er eit kartleggingsverktøy som identifiserar risiko i høve til ei konkret oppgåve eller ein aktivitet.

Kartlegg i forkant
SJA skal gjennomførast i forkant av oppgåva/aktiviteten, slik at tiltak kan setjast i verk for å fjerna eller redusera dei identifiserte risikoelementa under førebuinga til og under gjennomføring av arbeidsoppgåva eller operasjonen. Analysen vil hjelpa til med å utforma, konstruera og oppretthalda sikre prosedyrar og utstyr.

Kartlegg ved oppstart av nye oppgaver og aktiviteter
Det er spesielt viktig å kartlegge ved arbeidsoperasjonar som ikkje er rutine, ved oppstart av nye oppgåver/aktivitetar/rutinar, ved endring i oppgåver/aktivitetar/rutinar, samt ved bruk av nye og ukjente kjemikaliar, biologisk agens og/eller utstyr.

Skjematisk oversikt over prosessen
Det er utarbeida ein skjematisk oversikt over prosessen i SJA-metoden og kva element som inngår. Brukar/ar som skal utføra oppgåva eller aktiviteten og næraste leiar/overordna skal vera med i arbeidsgruppa som skal gjennomføra analysen, men det er òg viktig å halda eininga sin leiar godt informert og oppdatert om arbeidet.

Kontakt

For vegleiing eller informasjon vedrørande risikovurdering ved hjelp av SJA-metoden ta kontakt med HMS-seksjonen.