Gå til innhold
English A A A
02.05.2012 Nyhet

Nynorsk for alle

Fullt kurs og god stemning vart resultatet då det igjen kom tilbod om innføringskurs i nynorsk for framandspråklege tilsette ved UiB.

Nynorskkurs mai-12.

Nynorskkurs mai-12. Foto: Britt-Karin Muri

Tilsette i teknisk, administrativ og vitskaplege stillingar har vore å finne blant årets kursdeltakarar, og fleire ulike fakultet og avdelingar har vore representert. Gjennom tre ettermiddagar har deltakarane lært meir om ulike tema som språkhistorie, kva som skil nynorsk frå bokmål, dialektar og grammatikk.

2.mai var siste kursdag for denne gong, men med slik interesse som det har vore for kurset i vår, planlegg me allereie å gjera det igjen om eit år.

Nynorsk for framandspråkklege

Aasne Vikøy underviser på nynorskkurset for framandspråklege. Foto: Britt-Karin Muri

Sist endret: 3.5.2012