Hjem
Det psykologiske fakultet

Godkjenning av studieopphold i utlandet ved Det psykologiske fakultet

Før du reiser ut må du søkje om fagleg førehandsgodkjenning, og når du kjem att må du søkje om endeleg godkjenning/innpassing av utvekslingsopphaldet ditt. Det er ditt ansvar å leggje fram nok dokumentasjon både i høve til søknad om førehandsgodkjenning og i høve til innpass av utvekslingsopphold ved heimkomst. Lenke til elektronisk skjema finn du i faktaboks til høgre på denne sida.

Stempel kvalitetskontrollert
Førehandsgodkjenning og endelig godkjenning
Foto/ill.:
colourbox

Hovedinnhold

Førehandsgodkjenning

Saman med søknad om førehandsgodkjenning treng vi emneskildringar og informasjon om antal studiepoeng for kvart kurs du tek ute.

Når du søkjer om førehandsgodkjenning vurderer fakultetet om emna du planlegg å ta ute vil kunne godkjennast som ein del av graden din eller ikkje. For å få støtte frå lånekassen er det ein føresetnad at delstudia i utlandet er førehandsgodkjende av fakultetet.

Fristar

For utveksling i haustsemesteret er 1. mai siste frist for å søkje om førehandsgodkjenning, og for utveksling i vårsemesteret 1. november. Vi anbefaler deg likevel til å søkje om førehandsgodkjenning så tidleg som mogleg i semesteret før du skal reise ut då sakshandsamingstida oftast er raskare resten av semesteret enn akkurat rundt fristane.

Endeleg godkjenning/innpassing av utvekslingsopphold

Om du har tatt og bestått dei kursa du fekk førehandsgodkjende før du reiste ut, treng du ikkje å leggje ved anna enn karakterutskrift i original frå vertsuniversitetet. Karakterutskrifta må vise kor mange credits/units kvart kurs gir, namn på kursa og resultat/karakter.

NB! Om du har tatt andre kurs enn dei du har fått førehandsgodkjent, må du i tillegg til karakterutskrift leggje ved kursomtaler av dei nye kursa.

Saman med søknad om endeleg godkjenning må du leggje fram original karakterutskrift. Fakultetet godtek karakterutskrift i følgjande format:

  • Original papirversjon av karakterutskrifta levert i informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet eller sendt per post til internasjonal koordinator.
  • Stadfesta kopi av den originale karakterutskrifta, tatt av informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet.
  • Skanna versjon av karakterutskrifta sendt direkte frå verstuniversitetet til UiB eller Det psykologiske fakultet (då vil du få ein e-post frå oss der vi informerer deg om at vi har motteke karakterutskrifta).

Dersom du har utveksla gjennom ein av UiB sine bilaterale avtalar (altså ikkje ein av Det psykologiske fakultet sine avtalar), og har fått beskjed frå UiB-koordinator om at karakterutskrifta di er komen til UiB, vil karakterutskrifta vere registrert i vårt system. Du treng dermed ikkje levere karakterutskrift på nytt saman med søknad om endeleg godkjenning, men vi ber deg om å skrive ein kommentar i søknadsskjema om at du har fått melding frå UiB-koordinator om at karakterutskrifta er komen til UiB.

Kva skjer med søknaden?

Når saka di er ferdigstilt, vil du motta eit skriftleg svar på søknaden om innpassing i di digitale postkasse. Godkjende resultat vert registrert på StudentWeb som valfrie emner i din grad. Resultatet av innpassinga vert òg rapportert vidare til Lånekassen for eventuell omgjering av studielån til stipend.