Hjem

Det psykologiske fakultet

Lesesaler

Lesesalar ved Det psykologiske fakultet

På campus finst både faste og mellombelse lesesalar for studentar ved Det psykologiske fakultet.

lesesaler_psykologi_campus_uib.jpg

Kart over UiB-campus med lesesaler for psykologistudenter
Oversyn over lesesalane for studentar ved Det psykologiske fakultet.
Foto:
UiB

Lesesalar

22 Bjørn Christiansens hus, Christies gate 12

  1. Bibliotek for psykologi, utdanning og helse
    * Måndag - fredag 08.00-19.00.
    * Alle studentar ved Det psykologiske fakultet.
    * Arbeidsplassar med og utan PC.
  2. Første etasje
    * 08:00-19:00 på kvardagar og 08:00-14:00 på laurdagar med nøkkelkort 
    * Alle studentar ved Det psykologiske fakultet.
    * Arbeidsplassar med og utan PC.

41 Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kor? Det er høve til å nytte seg av dei opne lesesalane i bygget.
Romoversikt Sydneshaugen skole.

Når? Inngang A, B og C er open mellom 08.00 og 16.00 på kvardagar. Det er kortlesar i døra mot Ivar Aasens gate (inngang E).

Med nøkkelkort har du tilgong til bygget (inngang E) mellom 08.00 og 20.00 måndag - søndag.

Kven? Studentar på årsstudium. bachelorprogram og profesjonsstudentar i psykologi.

35 Vektertorget, Christies gate 13

  1. Etasje 2B (rom 252, 253 og 254)
    * Alle dagar med nøkkelkort
    * Masterstudentar ved Det psykologiske fakultet
  2. Etasje 2B (rom 216, 217, 218 og 220)
    * Alle dagar med nøkkelkort
    * Masterstudentar ved Det psykologiske fakultet

D Armauer Hansens hus, Haukelandsveien 28

Kor? Lesesalar og grupperom i 1. etasje.

Når? Alle dagar 06.00-23.00. Gangbru via Haukeland frå BB-bygget.

Kven? Masterstudentar i logopedi og psykologi - studieretning Åtferd og nevrovitskap, og profesjonsstudentar i psykologi som tar PROPSY303 og PROPSY304.

I eksamenstida

I eksamenstida er det gjerne eit større trykk på lesesalane enn elles, og studentar kan oppleve at det er vanskeleg å få plass på dei vanlege lesesalane. For å hjelpe på dette vert einskilte undervisningrom derfor gjort om til lesesalar i eksamensperioden. Kva undervisningsrom og kva tider som gjeld blir lagt ut her når eksamensperioden startar (november/mai).

Lesesalsreglement

Alle lesesalar ved UiB er underlagt eit felles lesesalsreglement. I tillegg har Kvalitetsutvalet for undervisning og evaluering (KUE) vedteke utfyllande reglar til dette reglementet for Det psykologiske fakultet.

Lesesalsregelmentet med utfyllande reglar for Det psykologiske fakultet kan du laste ned her.