Hjem
Det psykologiske fakultet
Godkjenning av utdanning

Godkjenning av tidligere utdanning i grad ved Det psykologiske fakultet

Har du tidligere utdanning som du ønsker skal bli en del av graden din ved Det psykologiske fakultet? Her finner du framgangsmåte og søknadsskjema.

Hovedinnhold

Studentar ved Det psykologiske fakultet kan søkje om å få godkjent tidlegare utdanning som del av graden sin. Vi skil mellom to ulike former for tidlegare utdanning; ekstern utdanning og intern utdanning, og to moglegheiter for godkjenning; av obligatoriske emne og av valemne.

Du kan lese meir om godkjenning av utdanning her 

Søknadsskjema finn du til høgre på denne sida.

Ekstern utdanning

Med ekstern utdanning meiner vi utdanning som du har tatt ved eit anna universitet eller høgskole enn Universitetet i Bergen.

Du kan søkje om å få godkjent utdanning tatt ved ein annan lærestad, både norsk og utanlandsk, som ein del av bachelor-, master- eller cand.psychol.-graden din ved Det psykologiske fakultet. Bruk søknadsskjemaet du finn til høgre på denne sida.

Den eksterne utdanninga må dokumenterast med:

  • emneskildringar 
  • litteraturlister

Desse må vere på eit av dei skandinaviske språka eller engelsk. Du treng ikkje leggje ved karakterutskrift om utdanningane er frå ein av lærestadene du finn i denne oversikta. Om lærestaden ikkje er på lista, må du leggje ved karakterutskrift.

Dokumentasjon på ekstern utdanning frå utanlandske lærestader må visast fram i original på Informasjonssenteret samstundes med eller før du søkjer om å få denne godkjend. 

Har du tatt ex.phil. eller tilsvarande emne ved ein annan lærestad, kan du søkje om innpass av dette. 

Intern utdanning

Med intern utdanning meiner vi emne som du har tatt ved Universitetet i Bergen, men som i utgangspunktet ikkje er ein del av den graden du no er i gang med. Om du har studert ved UiB er det ikkje naudsynt å fylle ut søknadsskjema her. Send ein førespurnad på UiB Hjelp retta til studierettleiar for ditt studieprogram og spør om emne kan godkjennast som ein del av studieprogrammet du går på no.

Obligatoriske emne

Du kan søkje Det psykologiske fakultet om å få erstatta obligatoriske emne i graden din med emne du har tatt tidlegare. Ein slik søknad er naudsynt for å erstatte obligatoriske emne i graden, som spesialiseringsemne og innføringsemne. Det er viktig at du sjølv tar ein vurdering på om læringsutbyttet i emnet du ønsker godkjent overlapper med læringsutbyttet i det obligatoriske emnet du vil erstatte. Hugs og at emna du ønskjer å få godkjent må vere på like mange studiepoeng. Eit emne på 10 studiepoeng kan ikkje erstatte eit emne på 15 studiepoeng. 

Valfrie interne emne

Det er ikkje naudsynt å sende inn søknad for å få godkjent tidlegare avlagd intern utdanning som valfrie emne i graden din. Her held det å sende ei melding til info.psyfa@uib.no med melding om kva emne du ønskjer skal inngå i den valfrie delen av graden din.

Har du ein heil grad frå før?

Du kan gjenbruke inntil 90 studiepoeng frå ein tidlegare grad i ein ny grad ved UiB. Kontakt studierettleiaren din for informasjon om korleis du går fram for å søkje om godkjenning av emne i grad nummer to.

Examen philosophicum

Om du har tatt ex.phil. ved eit anna faktultet ved UiB, treng du ikkje å søkje spesielt om å få bruke denne i graden. Alle ex.phil.-variantane ved UiB er likeverdige og dette vil automatisk bli lagt inn i utdanningsplanen din. Sjekk om vi kan hente inn exphil.-resultatet ditt elektronisk i denne oversikta over universitet og høgskolar. Om du opplever at tidlegare avlagd ex.phil. ved UiB likevel ikkje dukkar opp i utdanningsplanen din, kan du sende ei melding i UiB Hjelp (hjelp.uib.no/) for å få retta opp dette. 

Legg merke til at ex.phil. er vekta med 10 studiepoeng ved Universitetet i Bergen. Om du har tatt ein ex.-phil.-variant som har færre studiepoeng, til dømes 7,5 studiepoeng ved NTNU, vil du få for lite studiepoeng. I så fall vil vi i tillegg innpasse studiepoeng av anna tidlegare utdanning, eller du kan ta eit ekstra emne ved UiB. 

Delstudium i utlandet

Om du skal reise på utveksling eller ønskjer å få godkjent delstudium i utlandet i graden din, finst det eigne rutinar for godkjenning. Informasjon om dette finn du på sida vår om godkjenning av studieopphald i utlandet.