Nyhet
05.03.2012

- Tryggare lærar med PPU

Kristine Nymark Aasen tok årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for å kunne gjere praktisk nytte av dei faglege studia sine. Gjennom studiet fann ho eit yrke ho trivs godt med i dag.

Fortel om ditt studieløp.
- Då eg var ferdig med vidaregåande visste eg ikkje heilt kva eg ville bli når eg blei «stor», så eg byrja med å studere mediekunnskap i eitt år. Deretter tok eg eitt år med tysk, før eg fann ut at eg hadde lyst til å ta nordisk i Bergen. Eg heldt fram til eg hadde ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur. Eg gjekk eit år på PPU og heldt fram med nordisk etterpå, slik eg oppnådde ein mastergrad i nordisk språk.

Kva gjorde at du bestemte deg for å ta PPU?
- Med ein bachelorgrad i nordisk var det naturleg for meg å søke meg inn på PPU slik eg kunne gjere nytte av faga mine. Under praksis fann eg fort ut at eg treivst best i den vidaregåande skulen. Derfor bestemte eg meg for å ta ein mastergrad og bli lektor.

Korleis var det å ta årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning?
- PPU var eit lærerikt og sosialt år. Eg føler at studiet gav meg den teoretiske og praktiske kunnskapen som bør liggje til grunn i tillegg til det faglege.

Kva arbeider du med no når du er ferdig utdanna som lektor?
-
No har eg eit vikariat ved ein vidaregåande skule i Bergen. Eg underviser i norsk på både yrkesfagleg og studiespesialiserande studieretning. Eg møter såleis ulike utfordringar, noko eg trivs med. Læraryrket er hektisk, men sosialt og kjekt. Ingen dagar er like og det er ei glede å få jobbe med ungdom.

- PPU har gitt meg det teoretiske og praktiske grunnlaget eg treng i arbeidskvardagen. Det har gjort meg tryggare i rolla som lærar å ha utdanninga som base i tillegg til det faglege. I tillegg har eg gode kollegaer rundt meg som er gode å ha når ein treng å spørje om råd. Det er vanskeleg å få fast jobb med det same, men jobb får ein seg som regel, berre ein har litt is i magen.

Har du erfaringar eller råd å gi andre som er interesserte i å ta PPU?
- Det er eit hektisk år, men eg trur det berre gir positive erfaringar, som på mange måtar førebur ein på livet som lærar. For meg var det ein litt vanskeleg balanse å skulle vere både lærar og student når vi var ute i praksis. Men dette endrar seg når ein er ferdigutdanna og får ansvaret for sin eigen klasse.

Kristine Nymark Aasen tok årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen studieåret 2008/2009, og var ferdig utdanna lektor våren 2011.

 Vil du ta årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning? Søk opptak innan 15. april!