Nyhet
08.03.2012

Forskar ved sida av studia

Somme studentar sper på studielånet med deltidsjobb i butikk eller serveringsbransjen. Eline Ree og Mia Henriksen forskar ved sida av studia, takka vere stipend frå Det psykologiske fakultet.

Det psykologiske fakultet mottar kvart år 480 000 kr frå Noregs Forskingsråd til studentforsking. Saman med 100 000 frå fakultetet sitt budsjett vert desse midlane lyst ut til studentar som vil forske ved sidan av studia. Fakultetet har to årlege utlysningar for studentstipend og ein utlysning av sommarstipend. Våren 2012 har åtte studentar fått stipend for å forske som deltidsjobb.

Forskar på sjukefråvær

Psykologstudent Mia Henriksen jobbar på ein del av Sjukefråværsprosjektet ved Uni Helse, om allmennlegen sin diagnostiske praksis. Delprosjektet skal undersøkje korleis allmennlegar i Noreg, Sverige, Island og Danmark tolkar dei same pasientane sine subjektive helseplager, og kva skilnader og likskapar det er i diagnosane og behandlingsformene som vert føreslått. Legane får tilsendt videoklipp og spørsmål, og det er Henriksen sin jobb å kode, tolke og punche data i analyseprogram. Henriksen skal leggje fram resultata av arbeidet på Uni Helse sin Solstrand-konferanse i august i år.

Eline Ree har fått stipend for å skrive ein artikkel om kva faktorar som ligg til grunn for at ein arbeidslivsintervensjon, som vart gjennomført i fleire norske kommunar, har effekt i form av redusert sjukefråvær. I artikkelen skal ho mellom anna sjå på kva det er som gjer at intervensjonen verkar for somme, men ikkje for andre.

Ree sitt prosjekt er del av eit større prosjekt kalla iBedrift ved Uni Helse, og er ei vidareføring av tematikken Ree jobba med i masteroppgåva i helsefremjande arbeid, som ho leverte våren 2011. No tek ho einskildemne ved fakultetet og forskar ved sida av. Ho planlegg å publisere artikkelen innan utgangen av 2012.

Frå assistent til forskar

Medan Eline Ree fekk lyst til å forske meir i forlenginga av mastergrada, vart Mia Henriksen spora inn på forskingsarbeid gjennom eit av programemna på profesjonsstudiet i psykologi. Der valde ho å vere forskingsassistent i staden for å skrive emneoppgåve. Etter at emnet var fullført, haldt ho fram med å ta små forskingsoppdrag på timelønsbasis. Med dette hadde ho fått foten innanfor hjå eit spanande forskingsmiljø som tipsa ho både om stipendordninga og kva prosjekt ho kunne kople seg på.

For Mia Henriksen har innsynet i den verkelege forskingsverda gjeve meirsmak. Ho vurderer ein forskingskarriere når studiet er over, men før den tid planlegg ho å søkje på stipendordninga fleire gonger.

- Det å kunne få stipend for å forske passar meg svært bra. Stipendet frigjer kvardagen og legg til rette slik at eg ikkje treng ein ordinær deltidsjobb. Denne fleksibiliteten, som gjer at eg kan forske når det passar, er svært viktig for meg, fortel ho.

Gull verdt

Ordninga med stipend for å forske ved sidan av studia var kjend for Eline Ree sidan ei studievenninne hadde fått stipend eit tidlegare år, men det var rettleiaren på masteroppgåva som foreslo at ho sjølv skulle søkje. Ree er ikkje framand for tanken på å fortsetje med ein Ph.d.-grad, og ser studentstipendet som ein gyllen moglegheit til å opparbeide meir forskingskompetanse, og til å styrke bandet til forskingsmiljøet ho var tilknytt i arbeidet med masteroppgåva.

- Eg vil rå alle som har moglegheita til å søkje stipend. Sjølv om du er usikker på om du vil fortsetje med forsking, vil det å jobbe med eit forskingsprosjekt ved sidan av studia gje verdifull kunnskap og kompetanse, og kanskje bidra til å auke interessa for ein forskingskarriere. Ønskjer du gå vidare med Ph.d. vil studentstipendet vere gull verdt, både i form av auka kompetanse innan forskingsfeltet, og i form av tilknyting til eit forskingsmiljø som kan vere ein god stønad for deg, oppmodar Ree.

Forstår kor kunnskapen kjem frå

Mia Henriksen meiner alle studentar bør søkje studentstipend og forske ved sidan av studia på grunn av innsikta du oppnår.

- Du får ei ny forståing for kor all kunnskap kjem frå. Fordi du skjønar korleis informasjon vert samla inn, og kva som skjer med han i forskingsprosessen, lærer du å vere meir kritisk. Det er nyttig for kvar einskilt student.

Vil du forske ved sidan av studia? Frist for å søkje stipend for sommaren og hausten 2012 er 20. mars. Sjå desse sidene for meir informasjon.