Nyhet
15.03.2011

Søk opptak til PPU - søknadsfrist 15. april

1-årig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit studium på 60 studiepoeng satt saman av pedagogikk, fagdidaktikk og praksis i skulen. Studiet kvalifiserar for arbeid i grunnskulen på mellom- og ungdomstrinn, for vidaregåande skule og innan vaksenopplæring. Søknadsweb opnar for registrering av nye søknadar til studiet 15. mars. Søknadsfrist er 15. april 2011.

Krav for opptak til PPU er min. 180 studiepoeng inkludert 60 studiepoeng i to undervisningsfag UIB tilbyr fagdidaktikk i. Les meir om opptaksgrunnlag her:

http://www.uib.no/utdanning/opptak/opptak-til-praktisk-pedagogisk-utdanning#opptaksgrunnlag 

Det fagdidaktiske tilbodet kan variere frå semester til semester.

Hausten 2011 vert følgjande emne tilbode:

  • Norsk
  • Norsk som andrespråk
  • Engelsk
  • Spansk
  • Tysk
  • Fransk
  • Italiensk
  • Historie
  • Religion
  • Filosofi
  • Geografi
  • Samfunnskunnskap
  • Informasjons- og medievitskap
  • Psykologi*
  • Helsefremmende arbeid**
  • Kjemi
  • Biologi
  • Fysikk
  • Geofag
  • Matematikk***
  • Naturfagskombinasjonen

*Tilbys også som ettfagsmodell, dvs. 15 studiepoeng.Med etterhald om oppstart. 

**Tilbys hausten 2011 som ettfagsmodell, 15 studiepoeng.

***Hausten 2011 tilbys opptak til PPU med eitt fag - matematikk.

Følgande krav stilles søkjarar med berre matematikk:

  • Søkjarar må ha 180 sp totalt, derav 90 sp matematikk.
  • Søkjarar med berre matematikk, blir prioritert etter søkjarar som kvalifiserar i to fag.
  • Søkjarar med matematikk og informatikk blir prioritert over søkjarar med berre matematikk  

Du søkjer direkte til UIB gjennom søknadsweb. Søknadsweb opnar 15. mars og frist for å søkje opptak er 15. april.


Meir informasjon om opptak til PPU finn du her: http://www.uib.no/utdanning/opptak/opptak-til-praktisk-pedagogisk-utdanning

Meir informasjon om 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) finn du her:
http://www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Kontaktperson:
Hege Ekeland, e-post: hege.ekeland@iuh.uib.no  tlf 55 58 47 68