Nyhet
23.01.2012

Første kull på revidert studieplan

Våren 2012 tar Det psykologiske fakultet imot det første kullet med psykologstudentar på revidert studieplan for profesjonsstudiet. Meir praksis tidlegare i studiet venter studentane på kull 87.

Kull 87 psykologstudenter i C12

Kull 87 er dei første psykologstudentane som startar på den reviderte...
Kull 87 er dei første psykologstudentane som startar på den reviderte studieplanen.
Foto: 
Ingunn Voster

Sidan 2007 har Det psykologiske fakultet jobba kontinuerleg med å revidere studieplanen for profesjonsstudiet i psykologi. Bakgrunnen for revideringa var eit ønske om å styrke sentrale moment ved den eksisterande studieplanen endå meir. Den reviderte studieplanen vart vedteken i fakultetsstyret ved Det psykologiske fakultet i 2010, og faglege og administrative krefter har jobba tett for å få alt på plass innan 2012.

- Meir klinisk praksis

Professor Håkan Sundberg presenterte det faglege opplegget for det nye studentkullet på orienteringsmøte 23. januar. Den reviderte studieplanen inneber i hovudsak at studentane får ei betre integrering av akademisk og praktisk dugleik. Det nye er at utdjupinga av basalområda innan psykologien i den første halvdelen av studiet vert kopla til praksis. Studentane får dermed ei meir omfattande klinisk utdanning, og denne kjem tidlegare i studiet, allereie det første semesteret.
– Ein ting er å lese om behandling og diagnostisering, men det er noko heilt anna å gjere det i praksis. Derfor får de meir av denne praksisen, sa Sundberg.

Internasjonalt fokus

Internasjonalisering står òg sterkt i den reviderte studieplanen. Det er lagt til rette for at studentane skal kunne vere på utveksling, ta hovudpraksis og skrive hovudoppgåva i utlandet. Studieplanen har dessutan eit mål om at utdanninga skal oppfylle EuroPsy sine krav om europeisk lisensiering, slik at studentane kan verke som kliniske psykologar i heile Europa, utan å måtte ta ekstra kurs eller praksis.

Grunnlag for vidare utvikling

Dekan Jarle Eid var stolt over å kunne ønske kull 87 velkomne til ein revidert studieplan. Han bad studentane ha tillit til at Universitetet i Bergen har det rette studieopplegget for dei, og framheva at utdanninga dei får gjer dei eit godt grunnlag for vidare utvikling innan psykologyrket, i retning av klinisk spesialisering eller forsking.
– Ver nysgjerrige og snus på kva som finst der ute. De har mange interessante moglegheiter, oppmoda han.

Praksis gjer tryggleik

Nyslått psykologstudent Thomas Steinshamn var spent på kva som ventar han dei neste fem åra, både av studentar, fag og lærarar. Han hadde høyrt om revideringa av studieplanen før studiestart og var særleg positiv til styrkinga av det kliniske aspektet ved utdanninga.
– Meir klinisk erfaring, og at den kjem tidlegare i studiet, verkar veldig greitt. Det vil gjere oss tryggare når vi skal ut i jobb, meinte han.

Den reviderte studieplanen for profesjonsstudiet i psykologi vert implementert gradvis og vil gjelde kulla som startar i 2012 og seinare. Revideringa gjeld ikkje studentar som vart tekne opp på programmet før 2012. Desse studentane følgjer den ikkje-reviderte planen, som vert fasa ut når kull 86 fullfører studiet.