Hjem
Click

Det psykologiske fakultet

Kva kan du bli?

Lurer du på kva jobb du kan få om du studerer psykologiske eller pedagogiske fag?

Psykologi handlar om oss menneske og korleis vi tenker, kommuniserer, og handlar. I pedagogikken går ein i djupna på korleis me lærer og utviklar kunnskapen vår. Gjennom studia innan desse fagfelta og dei andre faga ved fakultetet, får du brei kompetanse i korleis mennesket fungerer i møte med seg sjølv, andre menneske og med omverda. Dette gjer deg mange varierte yrkesmoglegheiter etter utdanninga.

Her fortel våre tidlegare studentar om kva dei arbeider med, og korleis deira veg frå studier til arbeidslivet var.