Hjem

Det psykologiske fakultet

Opptak til masterprogram

Opptaksreglement til masterprogram ved Det psykologiske fakultet

Psykologi

NB - reviderte studieløp for nye studentar som får opptak til masterprogrammet i psykologi hausten 2017. Les meir her.

Studieprogram

Masterprogram i psykologi

Studieretning

Psykologisk vitskap

Fordjupning

Psykologisk vitskap

Opptaket si størrelse

Opptaket er avgrensa. Det blir tatt opp 18 studentar årleg

Opptaksgrunnlag

•   Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad)
•   Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande
•   C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa
•   Andre faglege krav
    Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
•   Sjå dokumentasjonskrava på denne sida. Merk at søkjarar med utdanning frå ein annen institusjon enn UiB må laste opp ei omtale av studieprogrammet sitt som viser kva emne som inngår i spesialiseringa i graden.
•   Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Søkjarane må derfor ha gode skriftleg og munnlege ferdigheiter i norsk og dei må kunne delta aktivt i undervising og gruppearbeid.

Rangering

•    Rangering på bakgrunn av gjennomsnittskarakteren på 90 studiepoeng spesialisering (80 studiepoeng i tilfelle kor søker berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    Individuell vurdering av søkjarar med mindre enn 40 % av studiepoenga med tal-/bokstavkarakter, søkarar med vitnemål utan ei 90 studiepoeng spesialisering og søkjarar med utanlandsk utdanning

Poengutrekning

•    Gjennomsnittskarakteren for 90 studiepoeng spesialisering (80 studiepoeng i tilfelle kor søkjar berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    Sjå korleis vi reknar ut gjennomsnittskarakteren på denne sida.

Studieprogram

Masterprogram i psykologi

Studieretning

Psykologisk vitskap

Fordjupning

Behavioral Neuroscience

Opptaket si størrelse

Opptaket er avgrensa. Det blir tatt opp 4 studentar årleg

Opptaksgrunnlag

•    Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad)
•    Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande
•    C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa
•    Andre faglege krav:

  • Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
  • 5 studiepoeng i biologisk psykologi med C-krav, tilsvarande biologisk psykologidelen i PSYK101 Generell psykologi 1 ved UiB. For interne søkjarar er biologisk psykologi (5 studiepoeng) ein del av PSYK101 og denne delen kan ikkje trekkjast ut frå PSYK101. Derav er det karakteren på PSYK101 som får C-krav i opptaksgrunnlaget.

•    Sjå dokumentasjonskrava på denne sida. Merk at søkjarar med utdanning frå ein annen institusjon enn UiB må laste opp ei omtale av studieprogrammet sitt som viser kva emne som inngår i spesialiseringa i graden.
•    Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Søkjarane må derfor ha gode skriftleg og munnlege ferdigheiter i norsk og dei må kunne delta aktivt i undervising og gruppearbeid.

Rangering

•    Rangering på bakgrunn av gjennomsnittskarakteren på 90 studiepoeng spesialisering (80 studiepoeng i tilfelle kor søker berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    Individuell vurdering av søkjarar med mindre enn 40% av studiepoenga med tal-/bokstavkarakter, søkjarar med vitnemål utan ei 90 studiepoeng spesialisering og søkjarar med utanlandsk utdanning.

Poengutrekning

•    Gjennomsnittskarakteren for 90 studiepoeng spesialisering (80 studiepoeng i tilfelle kor søkjar berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    Sjå korleis vi reknar ut gjennomsnittskarakteren på denne sida.

Studieprogram

Masterprogram i psykologi

Studieretning

Arbeids– og organisasjonspsykologi

Fordjupning

Arbeids– og organisasjonspsykologi

Opptaket si størrelse

Opptaket er avgrensa. Det blir tatt opp 18 studentar årleg

Opptaksgrunnlag

•    Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad)
•    Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande
•    C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa
•    Andre faglege krav:

  • Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
  • I opptaksgrunnlaget tilsvarande 90 studiepoeng spesialiseringsemne krev studieretninga arbeids– og organisasjonspsykologi ei fordjuping på minst 20 studiepoeng i arbeids– og organisasjonspsykologi. For søkjarar som har gjennomført ei bacheloroppgåve innan feltet arbeids- og organisasjonspsykologi er kravet 15 sp fordjuping innan arbeids- og organisasjonspsykologi i tillegg til bacheloroppgåva.

•    Sjå dokumentasjonskrava på denne sida. Merk at søkjarar med utdanning frå ein annen institusjon enn UiB må laste opp ei omtale av studieprogrammet sitt som viser kva emne som inngår i spesialiseringa i graden.
•    Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Søkjarane må derfor ha gode skriftleg og munnlege ferdigheiter i norsk og dei må kunne delta aktivt i undervising og gruppearbeid.

Rangering

•    Rangering på bakgrunn av gjennomsnittskarakteren på 90 studiepoeng spesialisering (80 studiepoeng i tilfelle kor søker berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    Individuell vurdering av søkjarar med mindre enn 40 % av studiepoenga med tal-/bokstavkarakter, søkjarar med vitnemål utan ei 90 studiepoeng spesialisering og søkjarar med utanlandsk utdanning.

Poengutrekning

•    Gjennomsnittskarakteren for spesialseringa på 90 studiepoeng (80 studiepoeng i tilfelle kor søkjar berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    I opptaksgrunnlaget tilsvarande 90 studiepoeng spesialiseringsemne krev studieretninga arbeids– og organisasjonspsykologi ei fordjuping på minst 20 studiepoeng i arbeids– og organisasjonspsykologi. For søkjarar som har gjennomført ei bacheloroppgåve innan feltet arbeids- og organisasjonspsykologi er kravet 15 sp fordjuping innan arbeids- og organisasjonspsykologi i tillegg til bacheloroppgåva.
•    Sjå korleis vi reknar ut gjennomsnittskarakteren på denne sida.

Logopedi

Studieprogram

Masterprogram i logopedi

Opptaket si størrelse

Opptaket er avgrensa. Det blir tatt opp 20 studentar årleg

Opptaksgrunnlag

•    Bachelorgrad i logopedi, helsefag*, pedagogikk/spesialpedagogikk, lærarutdanning/barnehagelærarutdanning, psykologi eller lingvistikk/fonetikk
•    Bachelorgraden må innehalde ei fageining og ei spesialisering på 90 studiepoeng i helsefag, pedagogikk/spesialpedagogikk, psykologi eller lingvistikk/fonetikk.
•    Inntil 10 % av plassane kan verte tildelte på særskilt grunnlag til søkjarar som er eigna for studiet, men som ikkje oppfyller dei formelle opptakskrava.
•    C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa
•    Sjå dokumentasjonskrava på denne sida. Merk at søkjarar med utdanning frå ein annen institusjon enn UiB må laste opp ei omtale av studieprogrammet sitt som viser kva emne som inngår i spesialiseringa i graden.

Om ein søkjer på særskilt grunnlag, så må det leggjast ved ei skriftleg framstilling i eit vedlagt brev på opp til éi side (maksimalt 400 ord) som skal leverast saman med annan dokumentasjon. Søkjarar som ønskjer vurdering på særskilt grunnlag må presisere dette i søknaden sin.

•    Master i logopedi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Søkjarane må derfor ha gode skriftleg og munnlege ferdigheiter i norsk og dei må kunne delta aktivt i undervising og gruppearbeid.

*Desse helsefagutdanningane er godkjent som opptaksgrunnlag til masterstudiet i logopedi:

  • Bachelor i ergoterapi
  • Bachelor i sjukepleie
  • Bachelor i fysioterapi
  • Bachelor i audiologi
  • Bachelor i folkehelse og helsefremjande arbeid
  • Tannlegeutdanning

Rangering

•    Rangering på bakgrunn av gjennomsnittskarakteren på 90 studiepoeng spesialisering (80 studiepoeng i tilfelle kor søker berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    Individuell vurdering av søkjarar med mindre enn 40 % av studiepoenga med tal-/bokstavkarakter, søkjarar med vitnemål utan ei 90 studiepoeng med spesialisering og søkjarar med utanlandsk utdanning.

Poengutrekning

•    Gjennomsnittskarakteren for 90 studiepoeng spesialisering (80 studiepoeng i tilfelle kor søkjar berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    Lenke til informasjon om utrekning

Barnevern

Studieprogram

Masterprogram i barnevern

Opptaket si størrelse

Opptaket er avgrensa. Det blir tatt opp 20 studentar årleg.

Opptaksgrunnlag

•    Bachelorgrad i barnevern, sosialt arbeid /sosionom, vernepleie, psykologi, pedagogikk, helsefag eller samfunnsvitskap eller tilsvarande (herunder cand. mag.-grad)
•    Spesialisering på 90 studiepoeng
•    C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa
•    Sjå dokumentasjonskrava på denne sida. Merk at søkjarar med utdanning frå ein annan institusjon enn UiB må laste opp ei omtale av studieprogrammet sitt som viser kva emne som inngår i spesialiseringa i graden. 
•    Master i barnevern er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Søkjarane må derfor ha gode skriftleg og munnlege ferdigheiter i norsk og dei må kunne delta aktivt i undervising og gruppearbeid.

Rangering

•    Søkjarane blir rangert på bakgrunn av gjennomsnittskarakteren på 90 studiepoeng spesialisering (80 studiepoeng i tilfelle kor søker berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    Individuell vurdering av søkjarar med mindre enn 40 % av studiepoenga med tal-/bokstavkarakter, søkjarar med vitnemål utan ei spesialisering på 90 studiepoeng og søkjarar med utanlandsk utdanning.
•    Søkjarar blir rangert i to kvoter:

  • Kvote 1: Søkjarar med bachelorgrad i barnevern, sosialt arbeid/sosionom eller vernepleie blir rangert på bakgrunn av karakterar og eventuelle tilleggspoeng. Søkjarar som ikkje når opp i konkurransen i kvote 1, konkurrerer vidare i kvote 2.
  • Kvote 2: Andre søkjarar blir rangert på bakgrunn av karakterar og eventuelle tilleggspoeng.

Poengutrekning

•    Gjennomsnittskarakteren for spesialiseringa på 90 studiepoeng (80 studiepoeng i tilfelle kor søkjar berre har spesialisering på 80 studiepoeng)
•    Sjå korleis vi reknar ut gjennomsnittskarakteren på denne sida.
•    Tilleggspoeng:

  • Tilleggspoeng for relevant praksis: Vi gir tilleggspoeng for dokumentert relevant praksis i minst 50 % stilling i inntil 3 år. Vi reknar tilleggspoeng frå og med første relevante arbeidsforhold med varigheit på minimum 6 månadar. Relevant praksis er erfaring frå barnevern relatert verksemd knytt til kommunal barneverntjeneste, Bufetat og ev. private barneverninstitusjonar. Vi gir også tilleggspoeng for annan sosial-, helse- og pedagogisk praksis, for eksempel NAV, oppsøkjande verksemd og praksis frå skule, barnehage og helseteneste. Tilleggspoeng for relevant praksis reknar vi ut slik: Vi gir inntil 0,3 poeng totalt for relevant praksis - 0,05 poeng per halvår i inntil 3 år.
 
  • Tilleggspoeng for relevant tilleggsutdanning: Vi gir tilleggspoeng for relevant tilleggsutdanning utover generelt opptaksgrunnlag, avgrensa til maksimum 120 studiepoeng. Dette kan for eksempel vere emne innan sosialt arbeid, barnevern, psykologi, pedagogikk, helsefag, juss eller andre relevante samfunnsfag. Det er opp til opptakskomiteen å gjere ei konkret vurdering av om den dokumenterte tilleggsutdanninga er relevant. Tilleggspoeng for relevant tilleggsutdanning reknar vi ut slik: Vi gir inntil 0,2 poeng totalt for relevant tilleggsutdanning utover generelt opptaksgrunnlag - 0,025 poeng per 15 studiepoeng.

Pedagogikk

Studieprogram

Masterprogram i pedagogikk/IKT-basert

Opptaket si størrelse

Opptaket er avgrensa. Det blir tatt opp 20 studentar annakvart år; 2015, 2017, 2019 osb.
For IKT-basert master er det opptak i 2016, 2018, 2020 osb.
 
Opptaksgrunnlag

•    Bachelorgrad i pedagogikk eller tilsvarande (som cand. mag.-grad) med ei spesialisering på 90 studiepoeng. Andre utdanningar som kvalifiserer til opptak er for eksempel førskulelærar- eller lærarutdanning og PPU
•    C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa
•    Sjå dokumentasjonskrava på denne sida. Merk at søkjarar med utdanning frå ein annan institusjon enn UiB må laste opp ei omtale av studieprogrammet sitt som viser kva emne som inngår i fordjuping i graden. 
•    Master i pedagogikk er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Søkjarane må derfor ha gode skriftleg og munnlege ferdigheiter i norsk og dei må kunne delta aktivt i undervising og gruppearbeid.
 
Rangering

•    Rangering på bakgrunn av gjennomsnittskarakteren på 90 studiepoeng spesialisering (80 studiepoeng i tilfelle kor søkjar berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    Om du søkjer med PPU vil vi velje 30 studiepoeng frå fag du har fagdidaktikk i for å få 90 studiepoeng
•    Individuell vurdering av søkjarar med mindre enn 40 % av studiepoenga med tal-/bokstavkarakterar, søkjarar med vitnemål utan ei spesialisering på 90 studiepoeng og søkjarar med utanlandsk utdanning

Poengutrekning

•    Gjennomsnittskarakteren for 90 studiepoeng spesialisering (80 studiepoeng i tilfelle kor søkjar berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    Sjå korleis vi reknar ut gjennomsnittskarakteren på denne sida.

Helsefremjande arbeid

Studieprogram

Masterprogram i helsefremjande arbeid og helsepsykologi

Opptaket si størrelse

Opptaket er avgrensa. Det blir tatt opp 20 studentar årleg.

Opptaksgrunnlag

•    Bachelorgrad i helsefremjande arbeid eller annan helsefagleg bachelor.  Bachelor i psykologi, pedagogikk, spesialpedagogikk, samfunnsfag, kunst- og musikkfag, miljøfag eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad)
•    Spesialisering på 90 studiepoeng
•    C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa
•    Sjå dokumentasjonskrava på denne sida. Merk at søkjarar med utdanning frå ein annan institusjon enn UiB må laste opp ei omtale av studieprogrammet sitt som viser kva emne som inngår i spesialiseringa i graden. 
•    Master i helsefremjande arbeid og helsepsykologi er eit norskspråklig masterprogram med følgjande norskkrav. Søkjarane må derfor ha gode skriftleg og munnlege ferdigheiter i norsk og dei må kunne delta aktivt i undervising og gruppearbeid.

Rangering

•    Rangering på bakgrunn av gjennomsnittskarakteren på 90 studiepoeng spesialisering (80 studiepoeng i tilfelle kor søkjar berre har 80 studiepoeng spesialisering)
•    Individuell vurdering av søkjarar med mindre enn 40 % av studiepoenga med tal-/bokstavkarakter, søkjarar med vitnemål utan ei 90 studiepoeng spesialisering og søkjarar med utanlandsk utdanning