Skaper tverrfaglege møtepunkt for stipendiater
Den 27. januar vart stipendiatane ved Det psykologiske fakultet for første gong invitert til tverrfagleg seminar.
Initiativtakarane er stipendiatane Marit Schmid og Guro Årdal ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi. Dei ønskjer å skape eit stipendiatfellesskap på tvers av fagfelt og forskargrupper, for betre å kunne representere Gruppe B i dei formelle utvala dei sit i ved fakultetet. Programmet for dagen hadde eit todelt fokus.
– Me gjekk først gjennom fakultetet sin strategiplan for 2011-2015 og såg på kva prioriteringar som er viktige for stipendiatane å vektleggje i denne perioden. I diskusjonen var det mange punkt som stipendiatane løfta fram, og det var tydeleg at denne gruppa ønskjer eit betre oversyn over kva som skjer på fakultet, fortel Marit Schmid.
Representative meiningar i ryggen
– Når me representerer stipendiatane i fakultetsstyret eller FFU – Forskings- og forskerutdanningsutvalet – ved fakultetet, må me ha meiningane til stipendiatane i ryggen. Det er lett å få oversikt over kva dei andre stipendiatane i di forskargruppe eller i ditt fagmiljø meiner, men det er ikkje like lett å vite om deira meiningar er representative for stipendiatane i dei andre fagmiljøa. Både eg og Marit høyrer til forskargruppa Mood and cognitive function, og det kan derfor mangle bredde bak syna me fremmer i dei formelle utvala. Etter dette seminaret er eg mykje tryggare på at eg representerer bredda i stipendiatgruppa når eg møter i FFU, fortel Guro Årdal.
Fokus på formidling
Den andre delen av stipendiatsamlinga fokuserte på stipendiaten i møte med media og på presentasjonsteknikk.
– Alle stipendiatar skal kunne relatere seg til media. Då er det viktig at vi lærer å sjå journalisten som ein samarbeidspartner og at vi greier å vere konkrete. Likeleis må vi presentere forskinga vår, til dømes på konferansar eller i undervisning. Dette er noko vi alle har bruk for å kunne, men ikkje naudsynleg får gjennom det faglege nettverket, i følgje Årdal.
Stønad frå fakultetet
Årdal og Schmid opplevde fakultetet som svært lydhøre overfor stipendiatane, både i gjennomføringa av seminaret og i høve til innspel som kom fram under samlinga.
– Det ligg i strategiplanen at fakultetet ønskjer engasjerte stipendiatar. Det at representantar frå fakultetsleiinga var til stades og deltok i diskusjonane syner at dei verkeleg meiner det.
Schmid og Årdal peiker dessutan på at dei har fakultetet å takke for at samlinga fann stad. Både fordi dei fekk god hjelp av forskingsavdelinga, og fordi det var fakultetet som opphavleg hadde ideen om å samle stipendiatane.
– Stipendiatane er ei svært viktig gruppe ved fakultetet. Dei står for eit vesentleg bidrag til forsking og undervisning. Fakultetet er derfor opptekne av å etablere eit godt arbeidsmiljø og gode rammevilkår for denne gruppa, seier dekan Jarle Eid om kvifor han bad Marit Schmid sjå på moglegheita for å samle stipendiatane på heile fakultetet.
Bra med tverrfaglege møtepunkt
Eid fekk æra av å opne seminaret og er godt nøgd med resultatet av samlinga.
– Etter mi meining var stipendiatsamlinga svært vellukka og engasjementet var upåklageleg. Det lover godt at fakultetet allereie har fått konkrete forslag og tilbakemeldingar frå stipendiatane på fakultetet sin strategiplan. Til dømes har dei peika på behovet for å etablere fleire fireårige postdoktor-stillingar, og for å leggje til rette for at stipendiatar kan få kurs i universitetspedagogikk. Dette syner at det kan vere behov for å ha slike møteplassar og diskusjonsforum ved fakultetet framover.
Ønske om stipendiatutval
Eit anna resultat av seminaret er eit forslag om å starte eit eige utval for stipendiatane ved fakultetet. Dette er noko Årdal og Schmid kjem til å jobbe vidare med, og dei har blitt kontakta av stipendiatar som ønskjer å bidra til å stable eit slikt utval på beina. Håpet er at eit stipendiatutval ved fakultetet kan arrangere fleire seminar eller skape andre møtepunkt på tvers av fagfelt. Responsen Årdal og Schmid har fått etter seminaret syner at stipendiatane ønskjer seg slike møtepunkt.
– Det pyskologiske fakultet er eit breddefakultet, og dette er representert i stipendiatgruppa, seier Årdal.
– Stipendiatane er godt integrert i si forskargruppe, sitt fagområde og på sitt institutt. Men dei opplever kanskje ikkje den same kjensla av fellesskap på fakultetsnivå.
Marit Schmid er einig.
– Mange stipendiatar saknar å ha ein fagleg identitet utanfor forskargruppene. Mange veit til dømes ikkje kor dei skal vende seg om dei har det vanskeleg som ph.d.-kandidat. Eit kontaktnett utanfor fagområdet kan derfor vere viktig for å gje tryggleik, nikkar ho.
Sist endret: 8.2.2012
Nyheter fra Det psykologiske fakultet
- Vil du bli lærer? (15.03.2013)
- Avslutningsseremoni - starten på noko nytt (01.07.2013)
- "Hukommelsesgen" spiller dobbeltrolle (21.06.2013)
- Nye medlemmer av fakultetsstyret (10.06.2013)
- Et vellykket symposium! (22.05.2013)
Relaterte nyhetssaker
- Fattigdom: sannheten bak tallene (20.06.2013)
- Forsøksdyrlære del 2 pattedyr - LAS 202 (23.05.2013)
- Eksterne kurs (11.02.2013)
- Forskerutdanning (14.12.2012)
- Forskerutdanning (13.12.2012)
- Tverrfaglig møtepunkt
- Forskerskole
- Forskerutdanning