Fleire søkjer bachelorprogram
Dei første søkjartala frå Samordna opptak 2012 syner at talet på søkjarar til bachelorprogramma ved Det psykologiske fakultet auker, medan færre søkjer årsstudium i psykologi.
Dei fire bachelorprogramma ved Det psykologiske fakultet, i arbeids- og organisasjonspsykologi, folkehelse og helsefremjande arbeid, generell psykologi og pedagogikk, har i snitt ein auke på om lag 10 prosent i søkjartala frå 2011 til 2012. Likevel har fakultetet samla sett ein nedgang i søkjartala på 7,3 prosent.
- Ein nedgang på 7,3 prosent frå i fjor til i år kan ved første augekast verke nedslåande, seier seksjonssjef ved studieseksjonen Frode Randal.
- Men om du ser nærare på tala, er nedgangen berre på årsstudium i psykologi, som har 18 prosent færre søkjarar i 2012. Det er mogleg at det vi ser her, er effekten av tiltak vi har gjort for å gje årsstudentane fleire moglegheiter til å ta ei grad ved fakultetet.
Færre gjentaksstudentar?
I 2011 var nærare 30 prosent av studentane som vart tekne opp på årsstudium i psykologi såkalla 'gjentaksstudentar'. Rundt 150 studentar skulle ta om att eksamenar dei allereie hadde eit resultat i, for å betre karakterar med tanke på opptak til profesjonsstudiet i psykologi. Eit grep fakultetet har gjort i 2012, er å opne for å supplere bachelorprogramma i psykologi gjennom interne overgangsopptak til 2. året. Randal vonar at det er nettopp dette grepet, som har gjeve årsstudentane eit alternativ til å søkje årsstudium på ny, som gjer utslag på søkjartala.
- Årsstudentane i psykologi har no fått fleire vegar til gradsgjevande studium ved fakultetet. Vi har jobba mykje i vår for å nå ut med denne informasjonen. Tala frå Samordna opptak kan tyde på at vi har lukkast, og at mange av årsstudentane har valt å satse på bachelorprogram i staden for å bli gjentaksstudent. Fristen for å søkje suppleringsopptaket til bachelorprogramma i psykologi er 1. juni. Etter denne dato vil vi vite meir om kva utslag tiltaka mot denne studentgruppa har hatt, seier Randal.
– Det er òg gledeleg å sjå at søkjartala til lærarutdanningane auker. Alt i alt kan det sjå ut til at fleire ser nytta av å ta gradsgjevande studium, sjølv om søkjartala ikkje er endelege før 1. juli, når omprioriteringsfristen går ut, avsluttar han.
Les om intern overgang til bachelorprogram ved Det psykologiske fakultet.
Sist endret: 24.4.2012
Nyheter fra Det psykologiske fakultet
- Vil du bli lærer? (15.03.2013)
- Avslutningsseremoni - starten på noko nytt (01.07.2013)
- "Hukommelsesgen" spiller dobbeltrolle (21.06.2013)
- Nye medlemmer av fakultetsstyret (10.06.2013)
- Et vellykket symposium! (22.05.2013)
Relevante studieprogram
Relaterte nyhetssaker
- I Abels fotspor (23.07.2013)
- I kø for å studere ved UiB (19.07.2013)
- Avslutningsseremoni - starten på noko nytt (01.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- Viktige frister og datoer (25.06.2013)
- Intern overgang
- Søkjartal
- Utdanningsadministrasjonen
- Student